• 27Feb

    Skriv under på ungdomslov.no

    Ungdomslov
  • 06Feb
    Samisk flagg
  • 03Feb

    Eg har blitt utfordra av Iversen i Nordstafett til å skrive “hvorfor Batman hadde banka livskiten ut av Supermann”. Vel. Eg har omsenn fått litt tid til å forsøke å svare på oppgåva. Eg valte imidlertid å prøve litt fleire kvalifikasjonar enn rå styrke.

    For å teste tesen om at Batman knusar Supermann, inviterte eg dei begge heim til meg i går for å gjennomgå fleire testar. Begge dukka noko overraskande opp i sivile klede i går morges. Mangemillonæren Bruce Wayne (Batman) kom med limousin frå Gotham by medan Clark Kent hadde ein litt mindre fasjonabel entre med taxi.

    Eg serverte kaffe frå søringkanna mi (presskanne) og vi diskuterte vilkåra for konkuransane og testane. Vi avtalte å møtast klokka 1700 på kvelden til femkampen.

    Pokerkamp

    Sjetongane var fordelt. Korta var delt ut. Batman begins, men blei raskt sett av Supermann. Spaninga var til å ta og føle på. Supermann byrja med stor sjølvtillit og syna alle forsøk på bløff frå Batman. Supermann såg rett og slett alle bløffane med supersynet. Batman hadde i midlertidig eit ess i ermet og tok fram ei blyvifte til å halde korta i som stogga supersynet. It was an equalizer! -Og Batman kom seg inn i spelet att. Men det skulle vise seg å vere ein kortvarig offensiv. Supermann hadde flaks og i det siste avgjerande spelet der Batman gjekk all-in og begge sat med tress i utgangspunktet, trakk Supermann opp kortet som er Batmans nemesis, Jokeren. Med tre knektar og jokeren blei det firs og Supermann tok det første stikket, 0-1.

    Jobbintervju i LO
    Litt ukjendt terreng for både Supermann og Batman. Supermann valte å stille i superdrakt, medan Batman kledde seg i sivilt og møtte som Bruce Wayne. Først ut var Supermann. Intervjuar var sjølvaste Valla. Supermann passerte glatt spørsmålet om han hadde planar om å bli gravid i perioden. Han fekk også honnør for den raude kappa. Men då Valla byrja å stille hypotetiske spørsmål om korleis han ville opptre i ulike situasjonar havna Supermann på defensiven. –Kva om du opplever ein pressa situasjon og du får mange fiendar, spurte Valla. –Så snur eg kappa etter vinden, svarte Supermann. Dette tok Valla som eit teikn på potensiell illojalitet og at Supermann i ein eventuell arbeidskonflikt ville sende oppseiingsbrevet til Lois Lane som støtt jagar pulitzerprisen for toppsaker i media. Supermann fekk ikkje jobben.

    Det var Bruce Wayne (Batman) sin tur. Han kom seg glatt gjennom både spørsmålet om graviditet og lojalitetstesten. Valla peikte på at ho hadde hatt problem med dualistiske personlegdommar i den siste tida og uttrykte uro over potensielt dobbeltspel i og med at Bruce Wayne og Batman kunne handle ulikt. Det var då Batman avgjorde kampen med følgjande elegante svar; -Du kan trenge ein Bruce Wayne til å gjere jobben på Folkets Hus, og du kan trenge ein Batman, din ninja i forkledning, til å kjempe for dine posisjonar i Arbeidarpartiet. Batman – Supermann 1-1

    Sjekking på London

    Både Supermann og Batman har hatt draget på kvinner, men eg ville teste ut korleis dei klarte å sjarmere menn. Mykje på grunn av rykta om at Clark Kent eigentleg er homofil. Så vi drog til den skeive utestaden London og oppdraget var enkelt. Den som klarte å få flest ned i kne, var vinnaren. Først ut var Supermann. Denne gongen valte Supermann å kle seg i sivilt og vere Clark Kent. Eg stussa ei stund på om dette var fordi supermann er bifil, hetero som Supermann og homo som Clark. Men Clark er alltid klossete noko han fekk han smake då han prøvde seg på klossettet. Han drog trikset med at han var journalist og dagleg prøvde å vinne pullitzer, men at han i kveld ville ta ein ”pullover”, og var regelrett ledd ut av lokalet. Om homoradaren hadde blinka idet han gjekk inn, så var det dørgande mørkt no.

    Batman derimot, hadde valt ein meir aggresiv stil. Han kledde på seg kostymet sitt og sprang inn i lokalet. Han viste at han ikkje trengte å sjarmere så mange, så han tok ein bænkers. I vill entre ropte han ut i den svarte lærdrakta; Anyone for leather? Batman tok teten, 2-1.

    Intelligens
    Eg tok med begge til Mensa og gjennomførte alle testane deira. Begge skåra sjølvsagt maks på alle og eg måtte vri om til å teste sosial intelligens. Begge blei plassert på ulike restaurantar og settingar i sentrum av Oslo for å måle kor flinke dei var til å mingle, bli kjendt og likt av folk dei møtte. Vinnaren var den som klarte å få flest kule folk med på Nachtspiel hos meg. Skal seie det blei fullt og ein vannvittig fest. Begge var kjempeflinke til å få med folk, men det Batman og Supermann ikkje visste at eg også ville utmåle oppførsla og dei sosiale eigenskapane på nachspielet. Supermann dreit seg ut, for å seie det slik. Han hadde nemleg tatt med seg Lois Lane, og sat saman med ho og røla heile natta og stakk titt og ofte bort på romantiske flygeturar. Flyin’ high, lissom. Til og med alle folka Supermann hadde rekruttert omsværma no Batman som fortalte røvarhistorar frå Gotham. Folk hugsa knapt at Supermann hadde vore der. Batman – Supermann 3-1.

    Duellen
    Vel, der sat vi og åt frukost. Batman var i leiinga, men den siste testen ga to poeng så ingenting var avgjort. Begge heltane er jo kjendt for sine supereigenskapar og at dei hamlar opp med skurkar og reddar folk. No skulle dei to sloss mot kvarandre i ein duell. Hetter litt hansesmekk og forsøk på utpsyking av kvarandre fortalte eg reglane. Først skulle dei ta stein, saks, papir. Den som vann fekk velje korleis dei skulle duellere. Taparen fekk på si side velje stad og tid. Supermann vann det viktige førstestikket og fekk velje duellgrein. Vi skal sloss med berre nevar sa Supermann. Dette var krise for Batman, for det er jo ikkje til å stikke under ein stol at Supermann har superkrefter, medan Batman berre speler meir på kløkt, akrobatikk og reiskaper. Supermann returns eller Batman begins?

    Batman skulle no velje staden for duellen. Han tenkte seg om litt før han smilte og sa;
    - vi tar det på din heimebane Supermann. Vi drar til Krypton!

    Supermann gispa og skjønte at Batman no hadde taket. Det er jo slik at Supermann fekk overnaturlege krefter på grunn av den jordiske atmosfæren. På Krypton er alle folka lik menneska i fysikk og styrke. Batman har trening i kampteknikk medan Supermann berre har basert seg på rå makt. Etter ein lang tur til planeten stod det endelege slaget og det var ingen tvil Batman knuste Supermann.

    Post scriptum: Oppgåva frå Nordstafett var kvifor Batman bankar likskiten ut av Supermann. Eg testa litt fleire kvalitetar enn berre slossing, men moralen og svaret er at om dei begge stiller likt, som på heimplaneten til Supermann, så er det ingen tvil om at Batman is the man!

    Batman er helten som knusar Supermann. Dessutan er eg i tvil om korvidt Supermann faktisk eksisterer. Det er ingen tvil om at Batman finst i alle fall. Batman forever!

    …………….

    Dermed overleverer eg stafettpinnen til Hat og Kjærlighet. Oppgåva er relativt fri… Du skal skrive ein tekst med tittel ”FRIHET!”.

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...