..frå mine vyrde sysken! Stor-fin ølkran med kjølar, trykk og god kvalitet.

Ein blogg med sosialistiske perspektiv i samfunnet, humanistiske blikk om livet og levande skildringar av fisketurar og andre fritidssyslar.

..frå mine vyrde sysken! Stor-fin ølkran med kjølar, trykk og god kvalitet.

Det er jul og både lesarar og bloggarar ser ut til å ha litt pause utan skjerm. Anyway. Her er sjette, og årets siste del av ‘weekly red articles’.
Saknar du noko? Post ein kommentar. Les andre samlingar frå ‘weekly red articles’.
Er heime i Levanger for å feire jul saman med bestemor og sedvanleg er det barnebarn som stikk innom for å pynte juletre.

Ho såg ut til å vere vel nøgd og då er det berre å ønskje ho, meg sjølv og lesarane m/ fam&vener ei velsigna god jul. Vi snakkast 1. juledag med ‘weekly red articles‘ og kanskje ein kommentar om julekvelden.
Individrap
av Odin og Are
Å du veit ke så rart for tia
Enkli skulle æ lævd for læng læng sia
Da ingen brukt pc og ingen kjørte bil,
for å kom te butikken måtte en gå fleir mil
Det var bare veia med ei fil
og ingen som helst va i tvil om at Gud i himmeln eksistert
no for tia e det lett å bli deprimert og reservert
Når man tenker på alt som blir deponert og gamlehjæm og plassa
og det e kjærlighet det e rasjonert
og du blir mobba hvis du er blitt pansjonert
Hvis du er boende blir du stasjonert
Men til byen er du feilparkert
Som en knøl og dust, som en dør full av rust
Æ kjenne det blir vanskli å pust
altfor mang tror dem er beir enn ainner
Æ vil hæng opp et kjempestort banner
Med bokstava som sei at vi skal bry oss om kvart ainner
Svart og kvit, gul og rau. Hund og katt. Ku og sau
Refr
-Ja,ja.
-Æ vil sei dæ
-Ka vil du si?
-Haleihei. Kossen står det te med dæ i dag?
-jævla bra ei gang te
-æ vil sei dæ
-ka vil du si?
-haleihei. Vi e all sammen individa i lag
Ja. Og så kjem vi te det ainner verset
Vi rope ut mot dem som hersje
Med små og store dem ikke like,
i alle bya så finns det slike
Som klær sæ kult med sko fra Nike,
men her finn du gutan som ikke vike
Ja gjørr av plass for n’ Odin og n’ Are
Gjørr av plass for alt det rare
Bare slapp av det e ingen fare
For æklingan går snart i si eiga snare
Te slutt e det vi som e god som vinn
Til slutt så må dæm som e ond forsvinn
No affence til mine kameratar i eigedomsmeklingsbransjen, men eg er nøgd med at finansministaren no strammar nettet litt kring denne halvkorrupte bransjen. Greitt nok at seljaren har interesse av mest mogleg utbytte av salet sitt, men seljaren skal også kjøpe nytt til prisar som blir opphausa av dei same meklarane. Les litt om endringane her i Trønderavisa.

Det er dags for del fem i serien av oppsummering av lengre politiske bloggartiklar i lenkelista “redroom”. Litt tidlegare denne gongen så om det kjem fleire i løpet av helga, så slenger eg dei på etterkvart. Måten eg plukkar ut desse på er at eg ikkje orkar å lese lengre artiklar når eg snøggsørfar bloggar, men legg artiklane i ei fanesamling i firefox-lesaren min. Så når det lir mot helg, les eg dei til kaffen/ brunglaset og lenkar dei opp til denne samlinga. .Om du vil lenke ‘weekly red articles’ i bloggen din, så er adressa http://tromp.no/?cat=13. Dersom eg har mista nokre artiklar -gje lyd.
Nettavisen melder i skrivande stund at Donald Trump skal selje ein av eigendommane - til 768 millionar. Den beskjedne villaen ligg på Palm Beach i Florida.

Nokon prøver å selje huset mitt via nettavisen. Er dette ein konspirasjon? Dette er eit rykte som må avkreftast med ein gong. Villaen er ikkje til sals, og skal brukast som residens for tørrtrening med nye flogestenger på stranda før det blir laksesesong heime i Noreg, uttaler Donald Tromp.

No ser eg av lesarundersøkinga mi (PUSH THE BUTTON) at bloggpostar om naturopplevingar ikkje akkurat er schlägern folk vil lese, men eg saknar sommaren og kanskje denne naturopplevinga er litt meir av den morosame? I googlesøken etter laksehistoriar og lakseinfo fann eg denne gamle saken publisert i VG for nokre år sidan :)
Mye slit for lite laks
- Trond M. Tromp Sæterhaug slet unødig mye for lite laks.
Eg hadde stått opp tidleg denne dagen for å ta oppgangslaks i Levangerelva som hadde stige med ein halvmeter kvelden før. Levangerelva er ei flaumelv med mykje laks mellom 1-3 kilo (om du er der dei gongene det er vassføring nok). I ein av favoritthølane mine traff eg ein kamerat som eg måtte dele beitet med.
Eg fiska meg nedover frå øverdelen då eg kjente eit hogg. Eg drog opp floga og la ho på same staden att. Der small det til og snøret gjekk rett i botn. Men desverre hadde vårflaumen gjort om botn i denne svinghølen til ein rathøl med mykje kvist og tømmer. Det gjekk ikkje meir enn eit par sekund før snøret hadde lirka seg kring ein kvist på 1,5 meters djup rett ved land i svingen.
Eg heldt snøret stramt og kjente at noko støtt rykka i snøret. Eg hadde ikkje mista han men, med fortommen kring ein kvist, var eg ute i alvorleg trøbbel.
Eg ropte på kameraten som kom springande. Vi diskuterte litt korleis vi skulle løyse dette, og etter eit par minutt hadde eg fått kleda av meg og svømte over til andre sida medan kameraten heldt stonga.
Denne hølen er ein svinghøl, noko som gjer at straumen og djupna ligg heilt innmed land på andre sida. Der låg det eit par store stammar av drivved like over vassflata som eg klatra ut på. Eg sette fotane fast i stammen og slepte meg ned i vatnet for å arbeide meg ned mot kvisten og laksen for å håve han. Men straumen var så sterk at brystkassa berre plana i straumen og eg klarte ikkje å kome under vatn.
Eg prøvde på ny og jobba og jobba med armane for å vinne djubde. Eg kava med håven og der!: Der satt håven fast i ein kvist og eg kjendte det sprelte i håven. Eg drog til, kjendte at håven reiv kvisten av, slapp taket i føtene og vart tatt av straumen. Eg arbeidde meg opp i overflata, drog opp håven: og der sprella den blanke laksen medan eg svømte i land.
Kameraten min lo seg skakk i hel, medan eg mista munn og mæle. Laksen veide 0,6 kg. Den minste laksen som vart tatt denne sesongen.
Recent Comments