Det foregår eit ordskifte etter at feministen Drusilla i bloggen Dagens onde kvinner publiserte eit innlegg med tittelen Fra venstre til høyre. Eg byrja å kommentere men skjønte etterkvart at tankerekkene tok meg med langt ut, blei vel langt. Så eg skriv det her.
Drusilla peikar på at mange feministar også er sosialistar, Drusilla er også på venstresida, men er mot ein del av midla og fokusa venstresida brukar i den strukturelle, feministiske agendaen. Drusilla er scheptisk til styrekvotering, er ikkje med på fagrørslas parole om at vi har ”eit brutalt arbeidsliv” og at deltidsarbeidande må få betre utteljing i den nye pensjonsordninga. Til det siste peikar ho på eit innlegg av Vampus som i korte trekk handlar om at å ikkje premiere deltidsarbeid skaper gode incentiv for kvinner til å ta heiltidsarbeid. Drusilla støttar under med følgjande gloser: ”Men så får man jobbe da og tjene penger sjæl, goddamitt.”
Til desse feministiske aspekta: Incentiv gjennom velferdssvekking av i folketrygda for langvarig deltidsarbeid for å få kvinner ut i 100%, er ein dårleg strategi når det aldri har vore fleire oppbrotne deltidsstillingar enn i dag, spesielt i offentleg sektor, spesielt i typiske kvinneyrke. 100% stilling som miljøarbeidar i boligar eller jobb på sjukeheimen er snart ein saga blott. Deltid blir meir og meir utbreidt mellom sjukepleiarane og ingen maktar meir enn 40% i reinhaldsverket over tid. No er det dei fleste stillingane mellom 25-85%. Desse 85-90% stillingane er eit helsike, for korleis skal ein fylle dei siste 15%?. Få vekk tvungen deltid så kan vi diskutere incentiv gjennom folketrygd og pensjon. I tillegg er familieinstitusjonen oppkonstruert slik at mange kvinner ønskjer sjølv, eller tvingast til, å jobbe deltid.
Å annulere og rekonstruere familieinstitusjonen, å annulerer kjønnsmerkelappane på yrkesretningar er også ein draum, men det er ikkje strukturelle endringar, pensjon og velferdsrammer som flyttar oss dit, det er ein kjønnsrevolusjon som frigjer kjønnet frå stempelet i panna, fjernar det rosa og blå teppet vi blir tulla inn så snart penis eller vagina er stadfest av jordmor.
Drusilla trekker i midlertid opp ein viktig diskusjon. Er det rektig av oss å generalisere og seie at vi har eit ”brutalt” arbeidsliv, når det store fleirtalet oppgir at dei er nøgde og har det bra i jobben sin og om vi samanliknar med resten av verda?
Eg synst spørsmålet er godt fordi ho på mange måtar har rett i utsegna, men samstundes, etter mi meining, feil i utsegna. Eg meiner vi skal seie at arbeidslivet kan endå bli betre, til dømes at slitasjeskader også skal gje yrkesskadeerstatning då slitasjeskader gjerne er meir hemmande enn når ein mistar eit oljerør på foten i Nordsjøen. 90% av dei som får yrkesskadeerstatning er menn. Vi står også føre mange åttak på arbeidsrettar og vilkår som vil kunne brutalisere arbeidslivet, noko den førre høgreregjeringa var eit klart døme på og noko EUs tjenestedirektiv er eit klart døme på. Derfor treng vi fagrørsla, derfor treng vi arbeidarsolidaritet og felleskap, derfor treng vi venstresidas arbeidslivspolitikk. Og så kan vi debattere oss hui og hei med unnatak, særskilde yrke osv.
Vi har det kanskje betre, kanskje til om med i stor grad godt. Men eit godt og trygt arbeidsliv (om det er 70% godt eller 100% godt) er eit førebilete, eit brotsarbeid som har kosta både blod og svette mellom millionar, kanskje milliardar av menneska gjennom hundreårs engasjement og demokratisk involvering kalla fagorganisering og folkeleg press mot etablerte, mektige strukturar i adelskap, borgarskap, u name it. Ei endring ein stad i verda er ofte lettare når ein kan bruke dei velbrukte glosene “Look to [set inn eit land]!
Men til kjernen. Ein skal ta det alvorleg at feministar som Drusilla reagerer på innhaldet i den praktiske, feministiske agendaen til venstresida og fagrørsla. For eg meiner det er for smalt å berre aggere paroleorientert med strukturelle, symbolske grep. Den feministiske kampen i det 21. hundreåret må kollektivt utfordre det sosiale menneske og endre dei sosiale mønstra innanføre dei viktigaste institusjonane og i sosiale relasjonar menneska i mellom.
Det er diverre langt fram til den dagen fagrørsla og pampedelen av venstrepartia fullt og heilt forstår ”det annet kjønn” og ser at kjernen i det levande patriarkatet ikkje berre er kjønnskvotering, men faktisk kva vi lærer om kjønn og seksualitet på skolen, kva for forventningar foreldra skaper til sine barn gjennom sine biologiske kjønn og korleis arbeidslivet og samfunnet forøvrig skal aggere likt mot kjønna – ikkje minst korleis samfunnet og individet skal reagere når vi blir behandla ulikt. Men avstanden til ei forståing av dette er kortare med ein klar venstresidepolitikk enn eit frislepp for marknadsliberalistiske ideal som ikkje berre råkar kvinner, men folk flest.
Recent Comments