Nyheita om medisinsk prevensjon for menn går årleg i media. Vampus syng rettmessig sin klagesong over kor urettferdig det er at kvinner må lide seg gjennom symptomar medan menn går fri til alt blir symptomfritt. Dagbladet er ute med siste nytt om P-pillar for menn. Vel. P-pillekarusellen for menn er kanskje den treigaste og traustaste karusellen i verda. Tvert dei kjønnsfundamentalistitiske veggene, fulle av konservativ råte byrja å sleppe taket i samfunnet, tok det ikkje lang tid før kvinnene fekk sine p-piller og seinare p-sprøyter.
P-pillekarusellen for jenter var ein usikra berg-og-dalbane med både loop og korketrekkar. Jenter har gjennom tiår forsøksvis kjempa seg gjennom kvalme, smerte, mental ustabilitet, kroppslege endringar og symptom, organfeil, høgt blodtrykk, dysfunksjonar humørsvingingar, nedsatt sekslyst, og sjølv om utviklinga støtt gjer dei medisinske alternativa betre, er prevensjonen langt frå symptomfri den dag i dag. Dei individuelle variasjonane er også særs store.
P-pillekarusellen for menn er ein døll barnekarusell som går ein runde i timen, og ingen får sitje på utan at ein er under oppsyn. Om nokon likevel skulle bli det minste kvalme, kan karusellen berre slåst av og mannen kan få trøst. Det er sjukt at menn ikkje har allmenn, medisinsk prevensjon tilgjengeleg i dag. For det første har viljen til forskning ikkje vore like sterk som kvinneprevensjonen - vi har jo snabb-tights’en. Forskningsmiljøa står og PILLER seg i nasen. Men dei siste, tja tre-fire åra, kanskje meir? har forskninga klart å framstille p-pillar/ p-sprøyter for menn som skal ha vore trygt å bruke til det funksjonelle føremålet -ikkje få barn. Korfor har vi ikkje fått dette på marknaden, hos legen, tilgjengeleg mot vanleg resept på apoteket??? -Svaret var i forrigfjor, i fjor og i år:
- det er negative symptomar knytt til p-pillar for menn. Forsøk viser at dei lett blir kvalme, ustabile, for kroppslege endringar med mogleg fare for dysfunksjonar osv. Vil alle få desse symptomane? -Nei, det vil vere individuelle skilnader…
Prevensjonskarusellen for menn ser nesten ikkje ut til å ville starte ein gong- Ikkje før det er garantert symptomfritt og sikkert ikkje før p-pillar for menn gir meir hår på brøstet og kvitare tenner.








Recent Comments