• 29Sep

    Eg har valsa gjennom skulevalsdebattar og sagt at det aldri vil bli gratis skulebøker i vidaregåande skule før SV fekk bestemme. Eit forslag som no er føreslått på kvart einaste statsbudsjett i 12 år (trur eg) av SV blir realitet i finansminister Kristin Halvorsen sitt første budsjett. Djupedal kan i dag sleppe den triumferande nyhenda som alle ungsosialistar og ungdommar i Noreg har venta på. -Det er dags for rettvisa. Alle andre parti unntatt Høgre (respekt å vere ærleg) har lovt og lovt, vore i regjering på regjering. Vi ungsosialistar har vore store i kjeften og sagt at med oss blir det verkeleg. Og slik blei det. Gøy å sjå at mykje slit i mange år av fleire tusen medlemmer i Sosialistisk Ungdom har ført til konkrete resultat.

    Det beste med gratis lærebøker er ikkje nødvendigvis at det blir billegare, synst eg sjølv. Det beste er at no er dette ein offentleg kostnad som kan reduserast med større grad av digitalisert utdanning og digitalt læremateriell. What a shame, at norske elevar enno sitt og skriv og les i mattebøker av papir og lærer at gangeteiknet er den litle prikken . og at delingsteiknet er : når det i dagleg praksis er stjerne * og slash /

    Alle som er for å rekne på papir tilhøyrer industrisamfunnet som passerte i 1994. I informasjonssamfunnet reknar vi med kalkis og i excel. Dette reknestykket, 134+12435+234324+13123+435345543+234234,4+1235235 blir i framtidas kunnskapsskole =summer(a1:a7)

    FN-systemet er teikna i sammfunnslæreboka. Organisasjonskartet finst tusen stader på nett. Prosjektarbeid i religion med den tjukke boka blir søken etter universets tusen religionar og filosifiar på nettet.

    Men vi kan ikkje kaste alle lærebøkene. Men lærebøkene vil i større grad bli manualar for korleis navigere seg gjennom informasjonssamfunnet. Ei katastrofe for den kyniske lærebokbransjen som skiftar bokpensum annakvart år. Ei lukke for informasjonssamfunnet som vil skyte fart og inspirasjon i elevar si læringskurve.

    Lærebøker på CD-rom vil nok koste like mykje som bøkene diverre, men det er lettare å bruke copy paste frå ein CD-rom enn det er å spørje bibliotekdama pent om lov til å bruke kopimaskina for å kopiere boksider.

    Gratis lærebøker no - gratis lap-top og lære-CDar i morgon.

    Men Hamsun og Ibsen må forbli i papirformat.

  • 29Sep

    Vi er i tet!

  • 28Sep

    Hva ser du?                        Dobbeltenk

    Hvordan vil du at andre skal oppfatte deg?
    Er det greit at du blir du blir fortalt hvem du er, hva du liker å gjøre og hvilke verdier du har av noen som ikke en gang har hilst på deg? Er det greit at noen bare ved å vite navnet ditt gjør seg opp en mening om hvordan hele familien din ser ut, og hva faren din driver med? Hva med at de som dømmer deg ut fra det de ser hadde satt på pause og tenkt seg om en gang til de trykte play og lot tankene rulle videre?

    Hva med at du også får tankene til å stoppe opp et lite øyeblikk for de suser videre for å unngå av andre bli uskyldig dømt av deg?

    Stopp opp. Bli en dobbeltenker!

    Teksten er henta frå kampanjen All Different - All Equal som er ein storslagen, internasjonal kampanje som set fokus på m.a. å bekjempe fordommar. Kampanjen har slått fotfeste i Noreg og vil vonlegvis merkast av mange og påverke mange. Alle har fordommar, men ofte legg vi ikkje merke til dei. Korfor gjekk du forbi den mørke på bussen, han som hadde eyeliner og tettsittande genser og sette deg ned ved nokon som såg sånn passe normal ut? Å bekjempe fordommar handlar ikkje berre om å akseptere at vi er ulike menneska og vere idealist i mælet. Det handlar meir om å bekjempe handlingane som påverkast av fordommane som likevel ligg latent.

    Kampanjen som no vil bli køyrt ut mellom mange organisasjonar sentralt og lokalt vil utfordre deg til å tenke gjennom fordommar som finst, fordommar du kan ha og få oss til å stoppe opp i situasjonar, trykke på pauseknappen, tenke og handle, for så å trykke på play.

    Sjekk kampanjesidene på www.alldifferent-allequal.noAll Different - All Equal

     

  • 24Sep

    I samanheng med innkjøpet av ein laptop har eg vorte hekta på dataspel. Det er mange år sidan sist eg kunne sitje ein heil kveld med kaffe, snus, mus og tastatur. Greia no er Civilization 4 som er eit genialt spel. Det handlar om å bygge og utvikle ein sivilisasjon der du kan velje om det er kultur, produksjon, økonomi, krig, teknologi som står i sentrum. Alt er viktig, men som statsoverhovud heile vegen vil du heile vegen eller i ulike periodar måtte fokusere på berre eit par ting. Er det krig med ein nabosivilisasjon er det vanskeleg å prioritere kultur framføre opprustning osv.

    I dette spelet er du allmektig for din sivilisasjon. Det fascis(t)nerer meg. No nærmar eg meg år 2000 i utviklinga og spelet går mot sluten. Eg har konvertert frå kommunisme til fascisme og frå hinduisme til jødedom. Innbyggarane (The trønders) i hovudstaden (Tromp Town) i den no einaste supermakta i spelet (Trøndelag), har nettopp feira “We love the dictator-day” fordi eg bygger stormannsgale “world wonders” og gir dei eit eller anna kommersielt tilbod kvar gong misnøye brer seg.. Eg har mellom anna nettopp gjennomført “Manhattan Project” slik at eg no er den einaste som fritt kan disponere mine atomvåpen som trugsel mot dei andre kontinenta og sivilisasjonane i spelet.

    Det heile byrja så idealistisk eit par tusen år før kristus. Eg satsa på utvikling av landbruk, bronse til verktøy, filosofi og etterkvart kommunikasjon. Handelen var viktig og samhandlinga og spede forsøk på infrastruktur mellom byane i verda mi blomstra og skapte ny velstand og kultivisme mellom ei støtt aukande folkemengde. Målet var demokrati og diplomati med andre omkring meg slik at eg kunne utvikle kultur og satse på å bli den penaste verdsdelen.

    No sit eg og bombar vilt omkring meg og knusar alle. Berre timen etter at eg innførte demokrati ei kortvarig stund før eg innsåg at det var vanskeleg å vere imperialist no1 med eit folk som krevde vatn og brød, men som gjorde opprør fordi eg prioriterte å vinne det militære kappløpet som er alfa omega for å overleve, og vinne spelet.

    Idealismen som skulle skape drøymesamfunnet i spelet mitt er erstatta med eit snev av irritasjon over at folkemengdene i storbyane ikkje berre kan halde kjeft og jobbe for den trønderske nasjonen så hardt dei berre kan. Det er streik i ein by, det er unødvendig, når rikets tryggleik står på spel og økonomien min er overoppheita nok frå før. Korfor kan dei ikkje berre feire “we love the dictator Tromp-day” som i “Tromp Town?”

    Med eitt skjønnar eg motviasjonen og korfor Bush tenkjer og gjer som han gjer, kva som motiverer Torbjørn Røe Isaksen til å vere nyliberalismens unge løpegut, korfor FrP meiner at kultur er alt som ikkje kostar pengar og kan framstillast av sukker og gjær, kva som er drivkrafta bak mangelen på skamvett til alle menn med alt for mykje makt til å definere kva som er utvikling og kva som er bremseklossar i maskineriet. I mi litle boble, her med Civilization4, er eg der dei alle drøymer om å vere. I stand til å drive umenneskeleg utvikling og rasering av alle ting som bremsar det eine målet mitt akkurat no i siste diplomti med motsivilisasjonane; dei må konvertere til jødedom, som min statsreligion og underkaste seg min mektige nyliberalisme for å gje meg dei varene eg vil ha. Ellers har eg “nukes” ready for launch. Verste av alt… Eg kan ikkje nekte for at sluttspurten i spelet faktisk er gøy.

    Fuck, fekk ei melding om at “global warming” byrjar å bli eit helsikes problem i fleire byar og at samfunnet er gjennomforureina. Skitt au, eg er ute av spelet i 2050 anyway.

  • 11Sep

    I ein tidlegare post klagde eg over forsøka på å tilnærme meg dei største og hippaste utestadene i Oslo i helgene. Dette har fått meg til å fundere over kva som eigentleg er dei gode utestadene for meg i sentrum av Oslo basert på eigne positive (og negative) røynsler. Subjektivt, men likefullt, ei tilråding til kor ein kan henge om ein danseklubbar i halsen,
    men går gjerne ut i spennet mellom det staselege med dans og moro til det meir brune, laxa, med øl og kanskje litt whiskey.

    Ei kort oppramsing fortel meg at i løpet av den siste månadene har eg vore ute 22 stader. Eg har kasta dei inn i eit excelskjema og gitt terningkast frå 1-6 på ti ulike kriterie;

    1. Orginalitet og konsept (stil, sjarm)
    2. Trønderfaktor (kan kle seg normal)
    3. Brunleiksgrad (trevegg og whiskey)
    4. Klientell og stemning
    5. Betjening
    6. Karma
    7. Uteareal (koseleg, røyk, varmelampe?)
    8. Gode minna
    9. Spenning (høve til å treffe folk…)
    10. Feelgood (generelt heilskapsinntrykk)

    Lista vil bli fortløpande oppdatert frå plass 22 - 1

    22. Politikern, Terningkast 1 :(
    Skårer jamt over dårleg. Latterleg stad med klientell som svarer til namnet. Underbemanna og grå betjening, båsete lokale med guggete vegger. Utearealet og burgeren trekk litt opp.

    21. Sportsbar (laurdag), Terningkast 2 (svak) :(
    Pluss på spenning og at det går an å kle seg normalt. Likar også å sjå kamp tidlegare på kvelden på maaange skjermer og eit bra utval i baren. Fjongete, dustete, sleskete folk i baren trekk valdsomt ned, og det er også litt for mykje “kjøttmarknad” og ahif-menn (alfahanneniflokken) som blir hissige om du dansar for nære ei jente dei har sett seg ut. Rosenkrazgate er den gata med flest knivstikkingar i Oslo.

    20. Dattera til Hagen, Terningkast 2 (svak) :(
    Skårar lågt på grunn av dette er plassen for alle kulturelitistar som eigentleg ikkje eig det spann av kulturell kapital. Kragen på skjorta til gutta er bretta opp langs den overparfymerte, tredagersskjeggete halsen og puppestella til jentene ramlar nesten ut når ein bøyer seg over dei klumsete, postmodernistiske borda for å snakke til daten. Heile lokalet har dårleg karma og når det kjem til spenning; gløym det. Her viser du berre fram daten du eigentleg ikkje vil noko anna med enn å vise fram. Skårar 1 på trønderfaktor.

    19. Grønlandshagen MANDAG-LAURDAG, Terningkast 2 (søndag vil få eiga vurdering på topp ti) :(

    Grønlandshagen ligg i mellom gamlebyen og grønland. Utruleg sliten plass som liknar ei anarkobule med forventningar om å få kjøpt det meste over disk…. Det som reddar staden frå 1 på skalaen er det fantastisk uteområdet med oppbygd podie ein kan sitje å nyte sola eller skuggjen alt ettersom ein vil over ein billeg pils.

    17. Cafe Amsterdam, Terningkast 2 :(
    Trønderfaktoren og Whiskey er til stades, men skikkeleg dølt og nøytralt forøvrig. Staden er som regel besøkt som ein “pit-stopp” på veg til Majorstua om det blir for langt å gå før ein blir tørst.

    16. Rockin, Terninkast 2 (sterk) :(

    Rockin ved Egertorget skårar greitt på trønderfaktor, brune kjelder og orginalitet. Men dette er staden for dei svartkledde folka med nok hår på magan til å flette sepulturafletter. Mange burzum folk, og påtatt hardt med uengasjert betjening og stygge og slitte lokale. Staden får 1 på karma og med unntak av ein fruktbar og spontan kveld med Janne og Vegard der, så er ikkje staden minneverdig for min del.

    15. Paragrafen og justisen, Terningkast 3 (svak) :l

    Ovafor Youngstorget står Paragrafen og Justisen vegg i vegg. Ein går ikkje inn på justisen utan at ein skal ete mat nokså uforstyrra (god biff!) og paragrafen er ikkje noko innandørs anna enn om ein tilfeldigvis har kompisar i bandet som speler live og ein stiller opp i rein solidaritet. Trangt, slitsomt og stygt. Det interessante er utearealet som utestadene deler. Lite varmelamper, men god plass og grei stemning. 2. etasje på justisen kan av og til vere ein slager, om du og din gjeng får dominere miljøet. Det blir lett litt sånn ungevenstre, elevorganisasjonen, auf-isj miljø. Triveleg nok det, men litt intern stemning…

    14. Garage, Terningkast 3 (svak) :l

    Garage ved grensen er eit lite rom du kjøper øl i før du går ut i ein nokså ok bakgard. Garage har ein innbydande forgård, mykje god musikk innandørs, og klientellet er nokså nøytralt som resten av staden. Ingen av dei ti terningane viser 1, 5 eller 6. Ergo, midt på treet for det meste. Litt dårleg feel-good.

    13. Internasjonalen, Terninkast 3 :l

    Midt på Youngstorget, med det klingande og revolusjonære namnet Internasjonalen, ligg eit lite innhuk kor “livsnytarsosialistane” går. Dei største plussa med denne staden er orginalitet og betjening. Det som trekker mest ned er trønderfaktor og brunleiksgrad. Ingen Whiskey og rare blikk om du har på deg ei litt “out of date-bukse”. Out-of-date = No date i denne samanhengen. Staden er ikkje så spennande, men grei å samle eit lag som ikkje er vante med å vanke saman. Litt høg musikk for så lite lokale på helgekveldane, men la gå. Smalt med uteplass og litt for mange rare fargar på drinkane i baren. (god bloody mary)

    12. Queens, terningkast 3 :l

    …Litt merkeleg å plassere denne “most-harry-bula” på plassen foran internasjonalen, men livet er fullt av paradoksar. Denne skårar 6 på trønderfaktor og er ein brun pub av rang. Her kan du få høyre Creedens, DDE og anna musikk som passar godt til staden -dermed også høg skår på orginalitet. Denne utestaden prioriterer ofte å sende Rosenborgkampar framføre andre -pluss. Men minusa haglar også her og trekk ned til ein trear. Karakter 1 på karma, slitent klientell og laber betjening, lite høve for spenning.

    11. Two dogs, terningkast 3 :l

    Som Queens på mange måtar. Skikkeleg trøndete, brunt, laxa, får litt meir for hyggeleg betjening og feelgood. Dette er den beste RBK-stova om ein vil sjå fotball på fjernsyn. Lokalet er dominert av trøndarar som valfartar frå alle bydelar for å sjå kamp. Men dette er ikkje ein feel-good-pub.

    TOPP TI!

    10. Stratos, terningkast 4 (svak) :)

    På toppen av operabygget på Youngstorget er det ein liten boks der folk dansar med eit vannvittig bra og stort uteareal (sommars). Det er laaang kø for å kome inn på laurdagar, og laangt opp, men når ein først kjem fram kan ein velje om ein vil laxe ute med ein pils og ein sigg, eller gå inn og danse (eller sjå). Trass i at dette er ein av dei hyppaste utestadene i Oslo synst eg ikkje klientellet og stemninga er særleg påtatt og anstrengt. Lite brunt, lite feelgood, men god spenning og orginalt.

    9. Hells Kitchen, terningkast 4 (svak) :)

    Dette er den ultimate miksen for den som vil ut på ein partystad, ikkje for brunt, ikkje for fjongete, ikkje for mykje stress på sjekking, jamvel det er ein god plass for det. Denne plassen kan by på uventa spenning, har grei musikk, triveleg betjening, og eit lokale som eg synst er genialt. Litt koridoraktig med ein bar som er like stor som resten. Fine sittebåser med jamnt over trivelege folk. Elendig uteareal.

    8. Robinet, terningkast 4 :)

    Nykomar på lista mi. Ein bitteliten stad som er godt gøymt (pluss) litt bortafor Rockefeller, er det kjåke fullt av folk med høg kulturell kapital, som har lagt det påtatte elitistsmilet heime og er ute for å slappe av på ein normal måte, over ein pils. Eg likar denne staden godt, men særleg trønderfaktor er ikkje å spore. På Robinet er det vanleg å kjøpe SNITT. Snitt er noko så vannvittig som ein bitteliten pils, ein 1/2-1/2 halvvliter. Søtt, men trekk heilskapsinntrykket ned mot SNITTET. Det er kjempegod karma i lokalet og den første plassen som det likegjerne kunne stått et skilt med “trøndere og nordlendinger forbudt” på, som eg faktisk har klart å trivast. Ikkje noko uteareal, men skårar litt på at gata er godt gøymt, lite traffikert og koseleg. Dette er feelgood.

    7. Elsker, terningkast 4 :)

    Elsker gjekk tidlegare under namnet “Sjokoladekoppen” og er ein skeiv plass. Til kvardags og på dagtid er dette meir ein kaffebar, med høve til å eta noko godt. Men etterkvart som kveldstimane melder seg, særleg i helga, så blir dette “real feelgood”. Praten og sjenansen løsnar, diskokula svinger og musikken er som ein kan vente seg av ein frigjort utestad -party, fashionable, glam, GP, Madonna og storstilt om det går an å seie noko slikt :) Spenning er på topp, sjølv om eg speler på “bortelaget”. For det er faktisk morosamt kvar einaste gong når nokon etter tre timar prat endeleg spør, -Er du..kremt, og eg kan svare, jau det er eg, og får bekrefta at eg er ein likandes type, sånn likelæll. Det mest negative er plasseringa og utearealet.

    6. Bare Jazz, terningkast 4 :)

    Bare Jazz er ikkje ein partystad for å seie det slik. Men eg elskar å gå dit for å ta ein kopp kaffe eller ein pils. Jazz er sjarm. For å kome inn i sjølve lokalet, må du først gjennom ein Oslo-by-sjarmis bakgard der du kan ta med pilsen ut, gjennom ei platesjappe (berre Jazz), opp ei trapp til eit bohemaktig lokale med lekre små kjøkenbord og laxa musikk og stemning. Staden har sin 6ar på karma og er feelgood når ein treng å ta ein pust i bakken, ta ein koseprat, la tankane fly og raskt bli i betre humør. Det er ikkje så dum plass å dra på ein date heller. Litt trangt. Det største minuset er at det er for mykje kaffe i glass-mentalitet. Jamvel det er den einaste plassen eg kan finne på å kjøpe meg, ja nettopp, kaffe i glass med mjølk og rare smakar oppi. (der forsvann enno meir trønderintegritet).

    Cacadoo Terningkast (Edit: Denne har fått ny vurdering) 4 :)

    Har ingen problem med trønderfaktor og brune verdiar. Mykje god whiskey og har nokre konseptkveldar. Uteareal sug lut. Betjeninga er solstrålar på jorda. Er berre fem meter frå utgangsdøra mi, noko som har gjort dette til ei felle for øltørsten.5. Mono, terningkast 4 :)

    Første plassen eg har klart å flørte med eit totalt framand menneske VED Å DANSE var på Mono. Dermed god spenningskarakter. Første gongen eg (forsøksvis) har dansa slik som Audun (litt eksotisk) , var på Mono. Mono er i utgangspunktet feelgood, men staden kan tidvis kry av Erling Fossen-wannabees, og den totale feel-good-faktoren går noko ned. Det er brunt, men inviterer likevel til eit breitt publikum og dans på laurdagar, er lite stress og fjongeri, har ein super bakgard med varme lamper og redlights. Dei raude lampene trekker ned trønderfaktoren. Men så kan eg ikkje argumentere med trønderfaktor jamfør tre første setningar i dette avsnittet som for ei stakka stund frarøva meg integritet som trønder

    4. Herr Nilsen, terningkast 4 :)

    Herr Nilsen er heller ikkje noko partystad for ålmenta, men det ser ut til at eg likar små, brune pubar som ikkje har eit slitt klientell og er koseptbasert, gjerne jazz. Det er vanskeleg å finne slike små, brune pubar der ein får sitje i fred utan å bli plagd av gamle folk som skal fortelje om sin ungdoms vår og korleis alt gjekk galte, med moralsk preik og at svaret på alt vondt er å “stemme på han Carl, og ho nye, ho Jensen“. Herr Nilsen er svaret for å ta “nokre pils” og gjerne la det utarte seg til ein spontan festkveld. Herr Nilsen har ingen 6arar, men få terningkast under tre på dei 11 måla mine. Det blir litt trekk uteareal, sjølv om Tinghusplassen ikkje er såverst gøymt og skjerma, samt trekk for at dette ikkje er staden ein oppsøker spenning. Men Herr Nilsen er storkos!

    3. Cafe Sara, terningkast 4 :)

    Må berre få sagt ein ting først. Cafe Sara er eigentleg ikkje ei tilråding til stad å gå for deg som ikkje har eit spesielt forhold til staden. Det er eigentleg ikkje så mykje fart der og det er ikkje all verdas lokale. MEN! Dette er den staden der eg gjennom mi tid i ein ungdomsorganisasjon har avslutta mange store arrangement, sentralstyremøta, hatt strategisamtalar som har endt i kalas, feira bursdagar og helteinnsats til heilt spesielle personar, gått på flest tequila-smellar, hatt det mest moro saman med folk som betyr mykje for meg og alt dette gjennom mange, mange år. Cafe Sara var min første pub i Oslo når eg var gammal nok til å ta ein vaksenbrus (1996) og sidan då har eg vore der mellom 20-100 gonger i året. For å ete, feste, treffe folk etc. 5 og 6arar på feelgood, karma og minner. Skårar gjennomsnittleg ellers. Det er brunt, fin bakgård, betjeninga er kompis (kan lure litt på rekninga om ein bestiller mykje) og det går an å vere trønder der.

    2. Grøndlandshagen SØNDAG, terningkast 5 :)

    Frå å vere ein sliten stad ytterst på grønlandsleiret til kvardags forvandlar Grønlandshagen seg til ein kult-stad på søndag. Kvar søndag i lang tid har det same feel-good-bandet “Frank Znort Quartet” (som vitterleg er fleire enn fire) spelt opp til fest. Dette skrivast på underskog om fenomenet; Gamle og nye sanger, pensjonister i sin beste alder, kjekke gutter, flotte jenter, sydlandsk stemning på dansegulvet (og på bordene), CD-lotteri, osv osv. Og kanskje Queens etterpå…

    Toppkarakter for orginalitet, karma, klientell og stemning. Jamt over bra ellers. Det er folk frå alle sosiale lag, nasjonalitetar, kulturar, byar og tettstader osv. Ingen annan stad kan ein vere seg sjølv meir enn her, og ingen stad har eg opplevd ei sterkare kjensle av å, litt ekslusivt, finne ein stad, eit konsept, ei vekentleg oppleving som gjer ein berre ikkje kan la vere å gå dit, sjølv om dagen før var fuktig, ein skal tidleg opp på mandag, har andre avtalar osv. Grønlandshagen Søndag gjer deg avhengig. Mange står og trippar og har stressymptom og abstinensar når klokka nærmar seg ni og ein enno ikkje har kome seg dit. -For klokka ni er det fullt. Smekk fullt. Ikkje så valdsamt no på hausten og når vinteren kryp inn, som på den virile våren og den lekre sommaren, men likevel. Som nevnt er dette søndagstilbodet litt “kult-basert”. Blant publikum eksisterer det fleire, merkbare, gjengangarar, som med høgd, sjarm, dans, fakter osv er med på å gjere også publikum til ein deltakande musical. Flørting? Ja det skjer det mykje av, men då må du danse. Eg dansar ikkje. Det har skjedd, men det er sjeldan eg tar mine obligatoriske fem vaksenbrus som er grensa før eg ikkje lenger er ved mine fulle fem og tillet meg å gjere det. -Og så er eg på Grønlandshagen meir av samme årsak til at eg brukte å gå på ungdomsklubben. Det er eit herleg fritidstilbod for unge vaksne eller godt vaksne som er unge til sinns.

    And my favourite, my number one, the one and only

    1. The Dubliners, Terningkast 6 :)

    Ved den gamle rådhusplassen ligg ein pub på eit hjørne som er den irskaste av alle irske pubar i Noreg. Det er så irskt at etter å ha vore der i ein times ti tenkjer eg på å stikke innom tax-frien før eg drar heimatt. The Dubliners får terningkast 6 på 9 av 11 parametre. Brunt som du kan ønskje det, den irske kulturen harmonerer særs godt med den trønderske. The Dubliners er først og fremst plassen eg går når eg ikkje har andre å gå ut med (eller ikkje vil gå ut med andre). Her kan eg vere “lonely but happy”. -For det har aldri skjedd at eg ikkje har hamna på bord saman med kjernefolk og hatt det retteleg triveleg likevel. Men det kan vere enno trivelegare med eit lite lag! Ikkje ta med for mange! Klientellet er også veldig irsk. Å sjå ein ire drikke er ein studie i livseksplosjon. Dei kjem inn, er litt trauste, alvorlege og fåmælte. Tar ein pils, og så kjem ein liten skål, to pils og så snakkar dei politikk og kultur, tre pils og så stig støynivået litt, fire pils så reiser dei seg opp, tar ei fele eller sin rustne hals og stemmer i ei folkevise og så har ein det gåande. Det er ofte irske live-band, lokalet er variert ut frå kva for type utetur og venneselskap du er på. Det er verd å trekke fram den flotte, intime og skjerma bakgården,med benkar, stolar, bord, varmelamper som eit stort pluss.

    Første gongen eg var på the Dubliners var 26. juli 2002 som også var bursdagen min. Det var ei heilt spesiell oppleving. Ein liten advarsel med the Dubliners er at det er farleg god stemning og farleg avslappa. Du blir der til det stenger, uansett om du berre skulle ha ein pils eller ein kaffe. Du blir kjendt med folk og du blir å kome tilbake neste gong du funderer lenge og vel på kor ein eigentleg bør gå om det skal vere heilt spesielt. Men du må også like sjangeren og elske det irske;

    - brunt, folkeleg, avslappa, orginalt og spennande. Eit lite notabene er at eg ikkje drar dit alt for ofte. Det er jul berre ein gong i året, og det er like greitt.

  • 11Sep

    Tabellen

    RBK 19 10 6 3 30-18 36
    Brann 18 10 4 4 27-18 34
    LSK 19 9 6 4 33-25 33
    Stabæk 18 7 7 4 30-21 28
    VIF 19 8 4 7 30-24 28
    Odd 19 7 7 5 27-24 28
    Lyn 19 8 4 7 26-27 28
    Start 19 7 6 6 20-23 27
    Ham-Kam 19 6 4 9 30-28 22
    Sandefjord 19 6 4 9 24-33 22
    FFK 19 5 6 8 27-35 21
    Molde 19 6 2 11 21-31 20
    Tromsø 19 4 5 10 22-30 17
    Viking 19 4 5 10 17-27 17

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...