• 31Jul

    Denne veka drar eg til idylliske Risøya på sørlandet for å vere til stades på SU sin sommarleir.

  • 25Jul

    Denne sommaren har vore ein skikkeleg fin friluftssommar. Mine somrar er som regel det. Men denne gongen har eg gjort noko nytt. Eg har dratt på fjell, skog og døleturar med masse folk. -Og det viser seg å vere retteleg triveleg og ikkje berre ekstra bråk som skremmer fisken.

    Eg har vore elleve turar i nordmarka og austmarka, korav tre av dei har vore med medbrakte vener.

    • Sykkeltur med Stine (takk for opptrekk på klatreetappane)
    • Lær-og-kast-med-flogestang-tur med Vegard (takk for hjelp med oppblåsinga av Bellyboaten)
    • Fiske, lapskaus, Whiskey og jomfrutur med Bellyboaten med Janne og Ida (takk for god mat, men ikkje fullt så mykje takk for småfliringa då 1000 fisk hoppa rundt meg utan at eg fekk anna enn ein abbor på 7,5 tommar)

    Tur til snåsafjella

    Dro på fisketur til Snåsa omtrent på direkten frå Oslo og ned att ei helg. Far og bror var med på turen.

    Tur til Gjeløya i Moss

    Audun Herning og eg stakk for å avreagere, litt før innspurten i vår tid som kollegar i SU, til familien hans si strandhytte på ei vakker halvøy (?) i Moss. Her fiska vi etter sjøaure, men fekk stort sett torsk. Uansett. Området er vakkert og idyllisk for den som likar sjø. Sjø er jo vanleg i det trønderske vokabularet mitt, sjø!

    Eg tok også ein ny visitt på Gjeløya seinare. Denne gongen på overlappingsseminar med det gamale og det nye sentralstyret i SU og denne gongen var hyttene til Lisa Lena Smorr sin familie vertskap.

    Tur til småbruk i Ål i Hallingdal.

    Denne turen er faktisk gjort mange gonger. Seks trur eg. Det er Gjermund som står for eit fantastisk småbruk (ute av drift) der ein gjer litt grovarbeid og får fiska litt i hallingelva. I tillegg til Gjermund var Vegard med samt to nye kjennskap frå Bærum. Denne gongen blei det både mykje fiske og mykje arbeid. To tonn med flaggstang blei senka og heva igjen, ein syrinskog blei hogd ned, tunet slått og bærbuskar blei trimma. Eg drakk meg også ustø på kvitvin for første gong… noko som ikkje ligg heilt til min natur.

    Tur til snaufjell og sætrar i Alvdal/ Tynset

    Eg, Vegard og Janne sat og pimpa på Rock-in i Oslo litt over midnatt og fann ut at vi skulle stå opp tidleg, leie “rent a wreck”, hente nøklar i Hamar og reise opp til ei sæter, eller hytte om du vil på tregrensa til snaufjellet vest for Alvdal og Tynset. Dette må vere eit av dei vakraste områda eg nokon gong har vore i. Heilt fantastisk! Det var også mange flotte vatn. Største gleda med heile turen var å sjå Vegard å Janne trene på flogefiske. Vegard fekk ein halvkilosørret og Janne fekk ei kjempefin flogestang.

    Det er enno litt att av sommaren før arbeidet og kvardagen kallar, og dermed blir det rom for fleire turar i skog, mark, fjell og døler. Kor det blir er ikkje bestemt, så tips mottast med takk!

  • 20Jul

    Også min blogg bær preg av agurktid, så eg kastar likegjerne ut ei oppdatering om meg sjølv. Det blir ikkje mange øvrige oppdateringar i sommar. 

    Det er på tide å klatre ned frå Ekebergkleiva til sentrum. No flyttar eg på sjølvaste bursdagen 26. juli til femte etasje i Torggata. Det er ein kjempekoseleg kåk med ein kjempekoseleg kamerat (som kanskje vil få eit aldri så lite Soria Moria-preg?)

    Tida som organisasjonssekretær i Sosialistisk Ungdom er som tidlegare skildra over. I August byrjar eg i ny jobb hos Ungdom og Fritid -landsforeningen for fritidsklubber og ungdomshus, som organisasjonskonsulent. Der skal eg arbeide med å støtte, hjelpe og organisere dei fleste av frititidsklubbane i landet. Dette er ein knalljobb for meg som på mange måtar tar opp starttråden for mitt politiske engasjement som blei fødd i mi mangeårige tid og oppvekst på eit ungdomshus og arbeid med ungdomskultur i heimbyen Levanger. Min fremste lojalitet i alt politisk arbeid eg har gjort fram til no har alltid ligge til den uorganiserte ungdommen og korleis ein kan reise institusjonar og aktivitetar som fremjer rekruttering, kreativitet, samfunnsmedvit og kollektive aktivitetar.

    Eg vil også stifte kjennskap med fenomenet ettermiddag til disposisjon for andre ting enn partipolitikk. Det betyr at eg står føre fleire spennande år der eg kan fokusere meir krefter på nye viktige område og ikkje minst interesser!

    Wickipedia gir denne fantastiske skildringa av fenomenet:

    Fritid er et begrep som omhandler den tid en lever uten obligatoriske oppgaver eller arbeid, og også fra stress og bekymringer. Definisjonen av «obligatoriske oppgaver» er uklar (og dermed er også grensen mellom “obligatoriske oppgaver” og “fritid” også uklar) fordi man kan også drive med obligatorsk arbeid ut av gleden av å gjøre det, og interesse av arbeidet i tillegg til de eventuelle grunnene til at arbeidet er obligatorsk.

  • 20Jul

    Guro Aglen frå Møre og Romsdal har skapt eit, etter mi meining, banebrytande prosjekt som presenterer ein mogleg framtidsgenre for lyrikk. Fenomenet som ho kallar drikt. Det er dikt. Men det er rike dikt, fordi teksten ikkje står aleine, det nyttar nye formar for kommunikasjon som berre er mogleg via verdsveven.

    Her kombinerer den unge d(r)iktaren tekst, ljod og bilete i eit multimedialt show der du får høve til å tygge på dei siste verselinene medan du innimellom blir tatt med inn i ein videosnutt som gjennom bilete og ljod både kan forklare, men likefullt utfylle og komplettere innhaldet og bodskapen.

    Med litt grep om tekst og tanke, eit mobilkamera og litt grep om publisering på nettstader, kan dette fenomenet raskt vere slik folk vil lese d(r)ikt i framtida.

    Sjekk prosjektet her: http://drikt.gigcities.com/

  • 13Jul

    Nei, det er ikkje banning på trøndersk, men mitt namn dersom eg (Tromp Sæterhaug) skulle spelt for fotballlandslaget brasil i følge “Brazilname - Generator“.

  • 10Jul

    Bellyboat

    Eg har kjøpt meg Bellyboat! Det er ein flytande lenestol og fiskestol som eg skal kose meg med i sommar! Juhu!

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...