• 29Jun

    SUs landsmøte er over. Mange raudbloggarar har oppsummeringar og tankar om det. Eg vil berre kort oppsummere det som fantastisk, litt vemodig, men veldig fint.

    No er det langfri før eg byrjar i ny jobb over sommaren. Den skal eg bruke slik!

    Og denne videoen frå opninga av landsmøtet må dykk berre sjå (nokon som har sett Gymnaslærar Pedersen….?)

    Opning av SUs 21. ordinære landsmøte!

  • 22Jun

    Landsmøtet i Sosialistisk Ungdom byrjar laurdag morgon. På tysdag drar eg frå Follo Folkehøgskule der landsmøtet utan vervet som organsiasjonssekretær. Det er tid for litt føleri-følera.

    Etter fire år i stolen er dette veldig vemodig! Eg har vore landet kanskje hundre gonger og besøkt lokallag og fylkeslag. Eg har fått reist i oppdrag for sosialismen i mange land og representert SU på mange arrangement og møte. Det kjem eg til å sakne, men det eg kanskje kjem til å sakne mest er å vere “in charge” når SU samlar medlemmer og symparar på valen på alle dei flotte arrangementa vi har gjennomført. Eg har rekna ut at det er omlag 3500 SUarar som har deltatt på arrangement i mi tid. Mange er sjølvsagt gjengangarar, men om ein legg saman desse og alle eg har fått besøkt der ute, samt dei som har ringt og snakka med meg på kontoret og alle i andre organisasjonar eg har fått møte, så er eg sikker på at eg har stifta fleire tusen nye kameratskap i vervet. Det er det ikkje mange som får oppleve, og derfor føler eg meg særs priveligert!

    Frå å vere ein ung propell når eg kom inn har eg nok blitt ein litt slitt “gammal ungdom” når eg no går av. Det toppa seg då eg besøkte eit lokallag i fjor haust, i ei T-skjorte frå ungdommens kulturmønstring i 1997, korpå eg fekk spørsmålet; Var du med i 1997??? Og det litt dårleg gjennomtenkte svaret mitt var; -Det var det siste året eg kunne vere med før eg blei for gammal…

    Trist er det altså, men ein kan også seie at det er på tide. Ingen har sitte lengre som organisasjonssekretær og ingen har vel heller blitt 28 år i vervet. I følgje vedtektene kunne eg klart ein periode til, men det fekk altså vere grenser.

    No ser eg fram til å sitje i arbeidsutvalet i tankesmia stiftelsen Manifest og kome meg inn i den spennande, nye jobben etter ein lang og god ferie.

    Under vil eg punktvis oppsummere det vakraste i tida som organisasjonssekretær:

    Høgdepunkta:

    5. plass. Januar 2002: 60 lokallag på nyvinninga i SU; lokallagskonferansen. Eit arrangement som med hell har vorte arrangert årleg i ettertid og har styrka organisasjonen big-time!

    4. plass. Juni 2002: 400 SUarar i flaggborg med korps i front i demonstrasjon mot verdsbanken saman med 10 000 andre demonstrantar.

    3. plass Mai 2005: Valkomiteen innstiller på Kirsti Bergstø som ny leiar i Sosialistisk Ungdom. Kirsti Bergstø representerer stilmessig krysningspunktet mellom den ultrarekrutterande Heikki Holmås, den ultrakarismatiske og samlande Kari-Anne Moe og stålkvinna som er vår tids Rosa Luxenbourg, Ingrid Fiskaa. Kirsti Bergstø er den mest oppriktige sosialisten og feministen eg nokon gong har møtt! Eg missunner alle som no skal jobbe med Kirsti på topp i ein posisjon som vil ta SU mot nye høgder.

    2. plass. September 2002: over 1000 ungdommar på konferansen Manifest 02, den største samlinga av sosialistar i Noreg i alle fall i nyare historie.

    1. plass. Februar 2003: 60 000 på Youngstorget mot krig i Irak. Og folkehelten, vår eigen, dåverande leiar, Ingrid Fiskaa.

    - kirkegården er full av mennesker som hevdet de var uerstattelige


    Adios

  • 14Jun

    timeglass.jpg

  • Comments Off
  • 09Jun

    Tromp har dratt til fjells.

  • 08Jun

    Levanger FK lagde hakkemat av 1. divisjonsklubben Hødd i kveldens 2. ordinære cup-runde og tok seg dermed eit steg vidare mot den gjeve pokalen som ventar på Ullevål. Resultatet blei til slut heile 4-1!

    Frykt dette laget! Kanskje blir det Vålerenga vi sender ut på Ullevål i neste runde?

  • 07Jun

    Gårsdagens nyhende var ein svart dag for kapitalismen. Staten Noreg, representert ved vår eigen finansminister Kristin Halvorsen, presenterte svartelista for selskap Noreg investerer oljemilliardane i. Dette er selskap som profitterer på store brot på menneskerettar, demokrati og miljø.

    Ein stor takk og gratulasjon til staten Noreg som gjerne må skape fleire svarte dagar for kapitalismen. Dette var på tide, og hadde ikkje skjedd utan SV i regjering. Men lista kan bli enno lengre…

     Svartelista

     

     

  • 02Jun

    Donald Trump raser mot eks-kona Ivana Trump som brukar sitt tilkomne etternamn og varemerke for å tene pengar.

    Mon tru om eg skal hive meg på bølgjen og dra nytte av namnet mitt?

  • 02Jun

    Velkommen til denne kveldens E U R O V I S J O N E R-møte:Stellan Hermansson (SE)

    Visegeneralsekretær i den sosialistiske koalisjonen i EU-parlamentet

    (GUE/NGL)

    Sted: Dattera til Hagen (Grønland), 2. etg.

    Tid: Fredag 2. juni, kl 17.00

    Møteserien arrangeres av Stiftelsen Manifest med støtte fra Fritt Ord.

    __________________________________________________________________________

    E U R O V I S J O N E R

    - en ny venstreside i emning

    Nye generasjoner venstreradikale inntar europeisk venstreside, og allianser oppstår på tvers av ideologiske og organisatoriske skillelinjer.

    EUROVISJONER gir deg impulser fra den radikale venstresidas vårløsning i

    Vest-Europa:

    * Hva vil det nye venstrepartiet i Tyskland?

    * Hvordan nedkjempet ATTAC Frankrike EU-grunnloven?

    * Hvordan har Nederland utviklet et av Europas kuleste sosialiske partier?

    * Og hvor ble det egentlig av de inngrodde -ismene til ytterste venstre …?

    Stikk innom og få med deg radikale sosialisters erfaringer fra seks europeiske land pluss EU-parlamentet, fakta om hva som skjer og diskusjoner om hva vi kan lære her i Norge.

    Resten av programmet for EUROVISJONER:

    Fredag 2. juni:

    Stellan Hermansson (SE)

    Visegeneralsekretær i den sosialistiske koalisjonen i EU-parlamentet

    (GUE/NGL)

    Fredag 9. juni

    Dag Seierstad (NO)

    Landstyremedlem i SV og EU/ EØS-ekspert

    For mer info: www.stiftelsenmanifest.no

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...