• 27Apr

    No skal eg straks pakke sakene og dra på SU sitt landsstyremøte. Det blir kjempespanande. Det er det siste landsstyremøtet før landstmøtet i juni. Etter det drar eg rett opp til Nord-Trøndelag kor eg skal halde tale i Levanger og på Steinkjer. Så blir det endeleg tid til å sjå folka heime litt før eg er tilbake i tigerstaden på onsdag.

    Det blir derfor ingen oppdateringar på ei lita stund. Men så er det heller ikkje tid for å lese blogg denne helga. Om du bur i Oslo må du gå på Manifest Fredag som Audun Lysbakken skriv om på sida si. Øv på slipsknuten i helga, om du drikk alkohol, gjer det på laurdag, vent i spaning på søndag og gå ut og feir dagen på mandag.

    På førehand, gratulerer med arbeidarane sin internasjonale kampdag!

  • 26Apr

    GÃ¥te

    Kjempemorsom :)

  • 26Apr

    Hurra! I dag er det den internasjonale sekretærdagen!!! Det betyr at alle skal vere snille med meg, gi meg blomar og la meg slippe å jobbe så mykje. Flott dag!

  • 25Apr

    GasskraftverkNrK melder i dag at innbyggarane i Hammerfest føler seg lurt. Gasskraftverket som opnar neste sommer vil slippe ut CO2 tilsvarande 375.000 bilar. Propagandaen som er fora innbyggarane i Hammerfest har verka, og no kom det for ein dag det vi alltid har sagt. Dei er lurt.

    Ein gammal miljøguru i SV, Per Aunet har sagt; -Miljøbevægelsa har aldri tatt feil! Det e fordi vi itj har råa te å ta feil!

    Påstanden er rett. Miljørørsla har alltid kome med dystre spådommar og dystre realitetsskildringar av forureinande prosjekt, og har aldri tatt feil. Og miljørørsla har heller aldri hatt råd til å ta feil. Olje- og gassmagnatane har råd til å ta feil og lure folk, for jo meir feilinformasjon dei kjem med og jo fleire folk som blir lurt, jo meir pengar er det å hente i oljeeventyret.

    Den neste løgnen som vil bli avslørt i Hammerfest er alle dei 10-tusen arbeidsplassane dei er lova. For om to år er det klart at ein kan ta vekk to-tre nullar når gasskraftverket er i drift.

    Eg klarer ikkje å dy meg og tyr til eit kjendt Carl I Hagen sitat; -Kva var det vi sa!

  • 19Apr

    Så er det endeleg lagd ein statistikk eg har lengta etter å sjå. Noreg har Europas billegaste bensin om du måler det opp mot gjennomsnittsinntekta. Denne tabellen syner kor mykje bensin ein får for éin time arbeid.

      Billeg bensin!

    Kjelde: Nettavisen

  • 19Apr

    No har eg lese nettutgåva av adressa som dekker nyhende frå Midt-Noreg. Under følgjer eit lite resymé;

    Siste nyheiter frå Nord-Trøndelag (sex, vald, drap og sport med utheva skrift)

    19.04  Først snø, så vårvarme 
    19.04  Brente, voldtok og knivstakk eks-en 
    18.04  Branntilløp på Gartland 
    18.04  - Mishandlet kjæreste med lighter og glør 
    18.04  Dømte knivstikker - og satte ham fri
     
    18.04  Dømt for overgrep mot jente (13) 
    18.04  Tre siktet etter Namsos-tyveri 
    18.04  Tok med seg spilleautomat 
    17.04  Tyver tømte hus i Namsos 
    17.04  Dame (80) tatt for nasking
     

    Siste nyheiter frå Trondheim (sex, vald, drap og sport med utheva skrift)

    19.04 Norges første sosiolog?
    19.04 Dømt til fengsel
    19.04 - Kan starte etterforskningen

    19.04 Først snø, så vårvarme
    19.04 Trakassert av sjefene
    18.04 Politikjenning stjal vekselpenger
    18.04 Ofrene får ikke én krone
    18.04 Ny fengsling for narkotatt

    18.04 Leggspark og krakilske kvinner

    Siste nyheiter frå Nordmøre (sex, vald, drap og sport med utheva skrift)

    19.04  Først snø, så vårvarme 
    16.04  Papegøye funnet i påskefjellet 
    15.04  - Jeg hadde utrolig flaks 
    14.04  Haglemann pågrepet 
    14.04  Tatt av skred i Sunndal 
    14.04  Mor og datter i krangel 
    12.04  Basehopper skadd i Romsdal 
    12.04  Dengte kona lille julaften 
    10.04  Gikk løs på biler og hus 
    07.04  16-åring forgrep seg på fostersøster (7)
     

  • 19Apr

    Levanger kommuneLevanger HandballklubbI dag speler handballdamene i Levanger første kvalifiseringskamp mot Drammensarane. For Levanger handlar det om fortsatt liv i eliteserien. Etter fleire sesongar der Levanger HK har kjempa heilt i toppen i den nest øvste divisjonen, klarte dei å rykke opp i forrigfjor. Livet i den øvste divisjonen har vore tøft, men klubben har vist i haustsesongen at LHK er eit eliteserielag verdig.

    Derfor kryssar eg fingrane i kveld for at Levanger tar første stikk i kampen for å vere ein attraktiv by for damer som vil kombinere eit godt studietilbod på HiNT (Høgskolen i Nord-Trøndelag) med toppidrett.

  • 18Apr

    Man skulle tro, at de polikerer er kløvet oppe i hjernen. Som om forbrugerne er et folkefærd, og arbejderne er et andet.

    -hvad hjælper det, at vi kan købe billigere varer og få en billig carport, hvis vores løn er konkurreret i bund?

    Jens Borking, næstformand i Træ og Indistri Byg i København, 23.03.06

« Previous Entries   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...