Eg har no vore og sett førpremieren til Gymnaslærar Pedersen på Cinemateket i Oslo. Dette er ei filmatisering av Dag Solstad sin roman Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land.
I ein halvfull sal med folk ymse venstremiljø og nokre eldre folk som sikkert er gamale medlemmer av partiet AKP, klemte vi oss saman med kulturjournalistar frå morgonbladet til Klassekampen. Folk var litt spente på kva som kom. Bjørnar Moxnes, leiar i RU, spøkte med at no fekk vi sjå vår tradisjon rope fred i Vietnam, medan deira tradisjon svara med “vapen til Fnl. Det fekk vi ikkje sjå.
Derimot, utan å røpe for mykje av filmen, får vi sjå melodramatiske spenningar i det personlege og det politiske livet mellom medlemmer i lokallaget Larvik AKP (-ml). Vi følgjer deira personlege og aktivistiske utvikling frå oppblomstringa av den marxist-leninistiske rørsla til rørsla sitt fall etter sjølvproletariseringa. Historiene er lokale og avgrensa til eit lite lag i eit ikkje for stort samfunn. Dei kontekstuelle tidsreferansane i filmen knyt seg til samtidshistorie i Vietnam, Sovjet og Kina. (Det som midlertid var den største historiske mangelen i filmen var den politiske konteksten i Noreg.)
Lektor Knut Pedersen (Kristoffer Joner) kjem utanfrå til Larvik Gymnas og blir raskt dratt inn i eit ukjend, men for han eit attraktivt miljø av elevar i sin eigen klasse (les: skoleklasse). Med nye, marxistiske brillar møter lektoren utfordringar som “småborgarleg” i eit proletært og revolusjonsromantisk intermesso. Men det er ikkje berre verdsbiletet som blir romantisert i det frelste lokallaget. Gymnaslærar Pedersen finn raskt kjærleiken til Nina Skåtøy (Ane Dahl Torp) som svinger seg i svansen med revolusjonær erotikk. Det måtte ein film om AKP til før eg fekk sjå revolusjonær erotikk, pupp og mannerumpe akkompegnert med høvlerivisa og vømmøl.
Slik som AKP-medlemskapet og samlingane er løynde, er også denne kjærleiken løynd for lokallaget. Blomen blir klippa av stilken når Nina Skåtøy står fram for lokallaget. Skåtøy innser at dette ikkje kan halde fram og at dei to må få refs av partiet. For fest, moro, kjærleik og sensasjonar står i vegen for eit målretta fokus på den væpna revolusjonen mot staten og borgarskapen. Det gjer også alle borgarlege tendensar i menneske som må reinast gjennom arbeid på golvet for å bli eitt med den verkelege arbeidarklassen. Først døydde kjærleiken, så døydde livsverka. AKP (-ml) kunne overlevd det. Men så døydde Mao og snipp snapp snute, så var AKP-ml, med andre ord (m.a.o), ute.
Konklusjon: Eg tilrår filmen for dei som er interessert i dramatiserte aspekt av ei politisk, fragmentert historie. Skodespelarane og filmatiseringa vekker både historiske-, men også samtidsassosiasjonar til delar av venstresida. Filmen har humor og utfordrar jamvel oss som representerer politiske miljø i dag til å tenke over når individuell, sosial praksis versus kollektiv, politisk praksis. Om du er ein av dei som skulle gå å sjå filmen med håp om å sjå ein lukkeleg slut, har du bomma stygt og må ta ti straffetimer med politisk historie. Om du er ein av dei som skulle gå å sjå filmen for å lære meir om m-l-rørsla bør du heller ta ti frivillige timar med politisk historie. For filmen lærer oss lite og forklarer oss ting vi allereie visste. Den marxist-leninistiske revolusjonen var så visst ikkje noko te-selskap.
Terninkasta:
Story:
Mangelfull og forutsigbar. Terningkast 2
Koreografi/ effektar:
Gjenkjennande, humoristisk og romantisk. Er enkelt, med vekt på symbolikk. Det traff: Terningkast 4
Filmatisering:
Faktisk genial. Hans Petter Moland er dyktig! Terninkast 5
Kristoffer Joner som gymnaslærer Pedersen og Ane Dahl Torp som Nina Skåtøy: 
Kristoffer gjer ein fantastisk figur som karikert intellektuell. Den norske Jack Nickolson der psykose er bytta ut med naivitet? Ane gjer eit vakkert og førførerisk inntrykk som politisk figur og stålkvinne. Eg var fjortis sist eg lot meg forføre av kvinner på ein skjerm. Terningkast 6
Øvrige skodespelarar:
Filmbudsjettets salderingspost. Hobbyskodespel. Terningkast 2
Heilskapleg for filmen:
Trudde at filmen var mekka på ein videoverkstad for politisk interesserte på venstresida, men oppdaga at filmen med eit budsjett på 10 millionar faktisk var betre enn eg trudde. Hovudrollane, koreografi og filmatisering trekker opp den mangelfulle storyen. Terningkast 4.
Recent Comments