Før valet i 2005 gjekk det sport i å vanke ned på plena på laurdagar og onsdagar for å ta del i ein eller annan demonstrasjon. Den siste demonstrasjonen som blei arrangert på plena var i september 2005 då fredsrørsle og stortingsrepresentantar protesterte mot jagarfly i Afghanistan. Var det nokon som sa at «du ska itte trø i graset»?
Harddkøyret frå media, opposisjonen mot SV og realitetane som dukkar opp i regjeringskvartalet, blei like harde som venta. Men formen det skulle ta mot eit showdown i 2009 blei ikkje som mange trudde. Stormkast på stormkast har herja med partiet, men også med tolmodet og optimismen til dei utanomparlamentariske rørslene.
SV har i partitradisjonen skapt mange brot med det etablerte og reagert i tide og utide utan å leggje seg etter samveldet av korrumpert makt. Partiet har med hell og uhell sendt sine kvinner og menn til Stortinget for å halde nyliberalismen attende og presentere alternativ. I 25 år har partiet aldri hatt formelle band til andre parti. Isfjell har lagt seg på både høgre og venstre side for skuta som har vorte styrt av markante leiingar gjennom tidene. Slik har ein unngått reelle forsøk på mytteri internt. Slik har ein også skapt eit mannskap som ikkje vil halde meiningar attende når isfjellet til høgre har lagt seg føre baugen og skuta blir tvinga til å følgje kjølvatnet av den største skuta i Nordsjøen og Barentshavet, Det Kongelege Norske Arbeiderparti.
Regjeringssamarbeid er vanskeleg for SV. Samstundes er det naudsynt å delta når dette var einaste alternativ. Dei progressive, systemkritiske organisasjonane og rørslene i demokratiet har krevd ein ny kurs. Veljarane har ønskt ein ny politikk. Det ville ikkje vore mange oppslag med ei skadefro høgreside, før oppinionen og dei korporative aktørane hadde avskrive SV som eit seriøst parti og grunnstøtt med RV på eit lite skjær i sjøen.
Kampanjen frå media og opposisjonen rettar seg i hovudsak innover SV på to måtar;
For det første dreier det seg om formalisme, om korrekt habitus som regjeringsaktørar. For det andre ser vi påpeikningar om at det er splid innetter i regjeringa og i SV, noko som er litt absurd når vinden de facto har vorte mildare i år. Kampanjen har to målsetnader som eg ser det; For det første vil dei skade eller jage det «svakaste leddet» og tappe truverd frå elementet som vil bryte mest med nyliberalismen. For det andre vil dei leggje eit konformitetspress på eit parti som bryt etablerte (nyliberale) handslingsreglar og normar for regjeringsaktørar.
Denne kampanjen er stusseleg og latterleg, men like mykje tærande. -Og det er vel det som er meininga. Dei veit at dette er stusseleg adferd, både det journalistiske med Halvorsen på framsida i VG med nazi-stempel, så vel som det politisk opposisjonelle gjennom å gå til åttak på form i staden for innhald. Dei veit at folk etterkvart vil leggje merke til at opposisjonen ikkje agiterer politisk. Dei veit at folk vil bli leie av dette etterkvart og at det vil gi ein kortsiktig opptur på gallupen for dei to andre regjeringspartia. Samstundes veit dei at denne kampanjen skader truverda til SV på sikt, men at straumdraga mellom det norske folk endrar seg så raskt at sutringa frå høgresida er gløymt i god tid før valet i 2007 og 2009. I tillegg ser vi ein kampanje som står i fare for å kunne demotiverer det store potensialet og spekteret som ligg i rørsler og organisasjonar som har trua på at SV skal utgjere den store skilnaden frå den nyliberale politikken som Stoltenbergregjeringa 1 og 2 representerte.
Lemenmarsjen har har allereie byrja. Rottene forlet SV-skuta. På ytterste høgre dansar musene på bordet for å etablere eit nytt alternativ i 2009. For katta ligg og slumrar etter å ha fått fylt opp matfatet med litt småsnæks. Ho har igjen fått adgang til statsministaren sitt kontor, vel vitande om at no treng ikkje Valla jage muser dei neste fire åra. Det er nok å halde dei under oppsyn.
Det store dilemmaet i SV er om ein skal gje etter for konformitetspresset, eller om SV skal ta med partisjela og partitradisjonen frametter. Om SV blir konforme i statsmakta vil det vere det same som å gje etter for høgresida og gje slepp på prinsippar og politikk. Det vil vekke sterk intern uro. Om SV held fram med å vere både eit frittalande parti og regjeringsmakt, vil dette dekke bordet for Akersgata og opposisjonen med gratis mediemat. Åttaka vil tære på truverda og terskelen for framtredande SV-personar til å kunne ytre seg «rett fra hjertet». Eg ser ikkje svart-kvitt på desse to vegvala og det finst ein tredje veg. Partiet må aldri bli konforme og gje etter for presset. Samstundes må vi kritiske vise revolusjonær tolmod og samle oss om strategiske kampar.
Eg gjettar at det ikkje berre er kritikarar internt i SV som irriterer «Halvorsen & The-Roger-Thats». Eg trur at sentrale representantar i SV no forstår skepsisen som blei løfta i forkant av regjeringsprosjektet; Å samarbeide med DNA og delta i regjering, vil vere som å inngå ein sekspunktpakt med djevelen. 1. Det vil vere vanskeleg å kome seg ut av denne pakta. 2. Det vil tære på kreftene og tolmodet. 3. Det røyndlege andletet i maktapparatet vil bli synleg. 4. Ein innser at ein blei lokka inn for å få, men at kravet er å gje. 5. Det vil bli frykteleg heitt. 6. Det trengst ein reddande engel. Den reddande engelen er krefter utanføre SV og stortinget som reiser seg, samlar seg og viser musklar. Det kan legitimere at SV og andre miljø går gjennom murar som står i vegen for ein reell, ny politisk kurs.
Post scriptum: På 80-talet dukka Erik Solheim opp med dongeribukse på stortinget. Så storma det. Solheim blei møtt med eit konformitetspress men stod stormen av. Etter ei stund var det normert at Erik Solheim kunne gå med olabukse og Kaci Kullmann Five kunne gå i kort skjørt. Statsrådane i SV, stortingsgruppa og demonstrantane på plena har igjen kledd seg i olabukser. Klarer vi å ha dei på eller blir vi tatt med buksene nede i 2009? Så langt ser det ut til at katta slumrar, musene okkuperer bordet, rottene blir skipbrudne med DNA og lemenna kan ende marsjen på kanten av velferdsklippen. Bølgjen av press må kome bak skuta om det skal bli fart og ferda bli best mogleg. Det blir tungt å klatre over motbølgje på motbølgje i fire år og tru at ingen skal bli sjøsjuke.



Recent Comments