• 24Dec

    Det er julaften og normalt trønderver, fuktig vind frå vest med enkelte sluddbyger. Men sett bort frå det, så blei jula blei litt annerleis i år på grunn av skader og få innbyttarar på laget. For litt sidan reiv mamma av akkillessena, for fire dagar sidan vart bestemor lagt inn på sjukehus for å ha ramla og slått ryggen. Ingenting var heldigvis brukke så ho kom raskt ut igjen, men for to dagar sidan ramla gamletante og brakk lårbeinet. Ho kom ut igjen i går. Men då eg skulle inn å sjå til ho nedi Levanger fann eg ho på golvet, ho hadde ramla igjen og brukke lårhalsen.

    Dette betyr at vi som fortsatt er skadefrie går ekstremt varsamt, for ei ulukke kjem som kjendt, sjeldan aleine. Og når bestemor (julas husmor og vert) er på sjukehus, blei det plutseleg kjøkenteneste på meg. Eg er glad i å lage mat, men julemat blir ei ny og hektisk utfordring på så kort varsel. Vi får berre håpe at det er ribba som blir sprø og ikkje eg.

    Dagens motto: Det må (h)jul til for at det skal gå rundt.

    Vil elles nytte høvet til å ønskje ei retteleg god jul og eit skikkeleg kalas natt til 2006!

    Ædda kl 1604:
    Og svoren blei sprø som kornfleiks ;)

  • 19Dec

    Så er det klart. Det har vore store bunkar med arbeid som låg og venta på meg etter å ha vore vekke frå landet i 17 dagar, så det har tatt litt tid å få oppdatert bloggen. Har oppfatta det som eit lite folkekrav å skrive resyme frå turen. Well; Heres the story!

    Phuket/ Thailand var verdas beste ferie! Betre enn på fjernsyn, i alle fall når formålet er å ha det digg og ikkje feste bort ferien. –Og etter å ha nærmast reist verda rundt før med liten ryggsekk, kakkerlaggfyllte ungdomsherberge og low-price flights, så kunne eg konkludere med; Backpackers! Go home! Charter i Phuket rulez!

    Torsdag 24.11.05
    Eg og Kirsti reiste frå Gardemoen på kvelden og møtte ei laaang kø. Vi sette oss inn i digert fly som eg aldri ville ha trudd kunne letta utan at eg faktisk med skrekk og gru fekk oppleve det. Fly er farlege saker, må vite. Sov ingenting før vi mellomlanda i Sharja i Dei sameinte arabiske emiratar. Der tok vi oss ein røyk. Deretter sovna eg faktisk nokre timar før vi etter ein 16 timar lang flytur vendte nasen ned mot ei flystripe ved ekvator.

    Fredag 25.11.05
    Landa i Phuket på kvelden. Vannvittig varmt og vannvittig fuktig luft. Det starta med regn. Vi blei køyrt inn til Kata Beach kor vi skulle bu med buss. Vegane var omgjorte til flaumelvar og infrastrukturen braut saman. Ein tyfon herja ute i havet og skapte unormalt mykje nedbør. Så George Bush, takk skal du faen meg ha for den starten på ferien! Kom fram til hotellet med det som måtte vere ein amfibiebuss. Vi hadde lagt til havn i paradis. Det er det beste hotellet eg nokon gong har budd på. Klimaanlegg som kjølte rommet ned til 10 grader på fem minutt om vi ville, to basseng med bar og barkrakkar i vatnet. Balkong, palmar, massasje og ikkje minst, ein billeg minibar. Vi åt middag på hotellet og la oss tidleg for å få snudd døgnet.

    Laurdag 26.11.05
    Vi dro inn til Karon der det var informasjonsmøte frå reiseselskapet. Det var slitsomt og eg angrar på at eg reiste dit. Den lokale mafiaen (reiseselskapet Saga Solreiser) langa ut under dekke av at det var eit informasjonsmøte, om kor vi burde shoppe, kor vi burde reise, kven vi burde snakke med og henviste til alle stader der dei har økonomiske avtalar med lokale røvarar. Eg skal skrive ein eigen sak om dette, for etter å ha gravd oss litt inn i korleis reiseselskapa korrumperer den lokale kulturen og lokale initiativ, var vi mildt sagt litt gretne. Dagens høgdepunkt; Vi drog inn til Patong der vi i kanten av jungelen tok inn på eit utandørs vellveresenter. Der gjennomgjekk vi ei tre timar lang behandling med urtesauna, kalde og varme bad med urtar, oljemassasje, spa, Thaimassasje m.m. Det va lækkert! Etter dette var det dags for litt titting i butikkar i Kata med middag og nokre pils til slutt før vi igjen la oss tidleg.

    Syndag 27.11.05
    Vakna tidleg og gjekk oss ein tur til stranda. Det var ei kjempestrand! Kvit og fin med bølgjer opp mot to meter som slo grønt vatn innover. Bølgjene var litt mindre enn dei var førre jul, men overkommelege for spas i vatnet. Vatnet målte om lag 28-30 grader og var heilt sinnsjukt. Eg har aldri vore noko til strandløve, og i alle fall aldri forestilt meg at eg kunne trivast på ei strand med tusen parasollar på rekke og rad, men denne dagen kasta eg alle charterhemningar og drog av meg skjorta. Heldigvis var det eit tynt skydekke denne dagen som passa på at ekvatorsola ikkje brente oss allereie første dagen. Ettermiddagen gjekk med til litt meir butikksjåing og middag.

    Måndag 28.11.05
    Hmmm. Denne dagen har liksom forsvunne… Hugsar overhovud ikkje kva vi gjorde. Mogleg vi berre var på stranda denne dagen… Eg hugsar i alle fall at eg gjekk til ein skreddar og bestilte meg dress denne dagen. Kashmirdress med kinasilkeskjorte. Denne blei etter litt fleire målingar og innsyingar ferdig etter eit par dagar. Eigentleg kult å kunne designe ein slik dress eg vil ha utan å måtte betale mange mange tusen for det. Utpå kvelden reiste vi inn til karon og åt heil hummer til den store gullmedaljen i ein ”dinosaur”restaurant.

    Tysdag 29.11.05
    Vi vakna til sol så vi stakk tidleg til stranda til det kom nokre skikkelege regnbyger. Fortsatt utværet ute i havet som sendte vannvittige flombyger innover Thailand. 12 menneske omkom i Thailand på grunn av regnskyllet. Vi tok inn på cafe og drakk iskaffe, seinare på restaurant der vi spiste lokal mat og drakk frå kokosnøtter. Regnet gav seg ikkje så vi drog til Hotellet der Kirst fekk bestilt skreddarsydd kjole i thai-silke og dress med kombi skjørt og bukse. Så kjendte vi uver i magan. Vi sprang opp på rommet og med ein dass og synkronisert, toveis sjau blei det fart på dassen utover natta. Vi hadde blitt vannvittig sjuke og dette herja vi med heile natta.

    Onsdag 30.11.05
    Denne dagen skulle vi eigentleg reise på ein todagars paradistur, men det gjekk ikkje. Regnskyll heldt fram og vi var sterkt reduserte på grunn av sjauen. Heimedag på hotellet. Det viste seg midlertid at no var halve Phuket ramma av eit eller anna lumskt. Vi klarte å klatre oss ut til liggestolane i hotellgarden for å svale oss litt i sola og ta eit par kalde dukkertar. På ettermiddagen kom eit kraftig tordenver som slo ut straumen i heile området der vi budde. Det ordna seg heldigvis relativt kjapt.

    Torsdag 01.12.05
    Vi var fortsatt litt reduserte, men klarte å svelge ned litt frukost. Det blei finver denne dagen, så eg kapra eit par solsenger ved bassenget i bakgården. Der låg vi og drakk drinkar med fargar i og bada litt. Utpå kvelden stakk vi ut på tur med taxi til det kjøpesenteret Saga Solreiser hadde tilrådd. Det var dyrt, merkeklede og dyrt så vi brukte ikkje lang tid før vi ville tilbake. Det einaste vi kjøpte på kjøpesenteret var nokre eple og ein sjokolade. No hadde vi for øvrig fått inn ein skikkeleg pensjonistdøgnrytme. Hadde lagt oss tidleg kvar kveld og vakna automatisk 2 minutt på sju kvar dag.

    Fredag 02.12.05
    Stranddag! Etter ein skikkeleg frukost var matlysta skikkeleg attende. Vi dro på stranda der eg fekk sveve med fallskjerm 200 meter over vassflata med ein speedbåt som trekk. Det var stilig! Tidleg middag og tidleg til sengs igjen.

    Laurdag 03.12.05
    Det var godt ver så vi dro på stranda og bruna oss litt meir. Kirsti var støtt innom skreddaren for å få sydd inn kjolen og dressen.

    Syndag 04.12.05
    Det var sol frå morgonen av så vi prøvde oss litt på stranda, men det kom raskt eit skylag som tok vekk sola. Denne dagen bestemte vi oss for å reise inn til Phuket sentrum for å shoppe litt. Vi køyrte Tuk-Tuk inn og blei møtt av ein mann som sa seg villig til å køyre oss rundt på bra plasser i byen og trygt heim til hotellet på kvelden for ein femtilapp. Han køyrte oss m.a. til ein marknad der ein kunne kjøpe klede og sko for eit par tiarar, på ein gullsmed der vi kjøpte perler og ein fantastisk restaurant med mykje god mat. Tidleg i seng også denne dagen.

    Måndag 05.12.05
    Det var dags for eit av mine største mål med turen; Havfiske! Eg tok med meg ein same frå Kautokeino. Det var i grunnen ein fantastisk tur sjølv om vi ikkje fekk barracuda eller merlin (sverdfisk) som eg håpte på. Men det blei eit par tunfiskar og underteikna tok sjølvsagt den største. Tilbodet var for øvrig drive av ein tyskar som har vore bankmanager i tyskland men gitt opp dette og blitt thailender for å dyrke hobbyen sin. På kvelden blei det god konjakk med denne samen og kvinnene.

    Tysdag 06.12.05
    Vi bunkra oss med solkremer, vatn og pengar og dro tidleg til stranda. Der blei vi verande frå sola stod opp til sola hadde gått ned. Slikka sol, bada, drakk fruktshake, nokre duggkalde pils, krossa med vasskuter, både kirsti og eg heiv oss i det med fallskjerm igjen, fekk fotmassasje og pedykyr med meire heile dagen. Å sitje med ølflaska i solnedgangen med min kjære var noko av det mest diggbare eg nokon gong har gjort. Sjekk mobilvideoen! (link kjem)

    Onsdag 07.12.05
    Blei henta på hotellet for paradistur. Vi reiste ut med båt til fantastiske øyar, strender, grotter, korrallrev kor vi dykka og avslapping på dekk på det grøne havet. Vi overnatta på ei øy i bungalower med ein ilter apekoloni. Denne turen var heilt fantastisk! Vi var på stranda til madonna, vi var i lagunen frå filmen ”the beach” og kor ulike James Bond sett har blitt tatt, vi såg dei mest fantastiske øyformasjonar, fleire lagunar og det var kveldssamling rundt bålet med Thailandsk sprit mykje snorkling. Vi var mykje ute med båt, noko som er digg i seg sjølv. Greitt å kvile dekket med 30 grader, sol og iskald kola og pils i frysen ;)

    Torsdag 08.12.05
    Fortsatt på paradistur. Kom heim på kvelden, litt småtrøtte og godt fornøgde! Etter all Thai-maten var det på tide å eta ein skikkeleg burger! Sovna sjølvsagt tidleg også denne kvelden.

    Fredag 09.12.05
    Siste dagen i Thailand. Vi hadde mykje thai-valuta igjen og hasta oss ut på marknaden for å kjøpe fine ting og julegåver. Vi hadde litt for mykje pengar igjen så det blei ein del slips og småsaker. Rakk så vidt å bli med bussen til flyplassen.

    Laurdag 10.12.05
    Landa på Gardemoen til snø og kulde. Hadde gått i sydenfella og gløymt at det kunne vere lurt å ha eit par sko tilgjengelege. Blei litt neglebit på tærne med berre sandalar.

    Anyway… Heilt utroleg bra ferie! Vi skal reise dit igjen ;)

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...