• 14Nov

    Etter å ha levd meg inn i blåggverda to veker må eg konstantere at eg har fått ein aldri så liten elddåp. Eitt av mine første innlegg Male blogging = male bonding? har vorte diskutert over fleire blåggar og eit hundretals kommentarar og debattar. Det er forsåvidt inga overrasking. Eg visste at eg kom til å trykke på visse knappar og presse på sterke nerver som kunne utløyse reaksjonar. Det gjer det alltid når ein skriv sterke meiningar som handlar om identitet og rom.

    Mange er usamde i innlegget mitt. Dei som er usamde kan delast opp i hovudsak fire grupper.
    1. Blåggverdas dronningar -jenter som har lukkast i å skape attraktive blåggar som har mange daglege treff og aktivitet i kommentarfeltet.
    2. Feministiske anti-blåggarar -jenter som burde blågga, men som ikkje gjer det fordi dei har ei forutinntatt haldning som hindrar dei i å “eksponere” seg sjølv, som det heiter i kritikken.
    3. Menn som føler seg truffe.
    4. Blåggers som uttaler seg om ting han ikkje har greie på (Hjorten :)

    Hjå gruppe 1 -blåggverdas dronningar, meiner ein at eg tar feil i at det er gutar som dominerer blåggverda, at eg har trampa i salaten og uttalt meg om noko eg ikkje har greie på. Dei har rett. Dette hadde eg strengt tatt ikkje greie på.

    Eg må innrømme etter å ha dratt meg sjølv inn i den verkelege blåggverda at mitt bombastiske anslag på 90% gutar nok er langt over røynda. Det finst hundrevis av fantastisk gode jenteblåggers av alle slag. Dei er politiske, nokre skriv matoppskriftar, nokre har dagbokformen, dei er feministiske, nokre er blå, nokre er raude, dei er tankeeksperimentelle, dei er morosame, dei skriv usensurert, fritt og akkurat som dei vil og dei er alt dette. Det finst mange jenteblåggar og dei kan ikkje generaliserast innanføre ei viss form.

    Men… debatten har (som så ofte før) hamna i heilt feil spor i forhald til det som var den rosa tråden i innlegget. Ordet “bonding” i samanheng med blåggarmakt er det ikkje kvantiteten eg ønskjer å utfordre, heller ikkje kvaliteten. Derimot er det dei kvantitative og kvalitative relasjonane mellom blåggarar. Kven er det gutar refererer oftast til i sine blåggar? Kor mange kommentarar i ein blågg er skrive av gutar? Kva for blåggar er det gutar besøker hyppigast? Kva er det gutar gjer i blåggane sine som speglar kjønnsrollemønsteret i meir tradisjonelle medium?

    Når eg stiller opp problemstillinga “male blogging = male bonding?” er ikkje det ein bombastisk påstand, men ei problemstilling som eg enno, tendensiøst, meiner må vere delvis rett.

    I mitt første innlegg skriv eg om det å blågge at;
    I tillegg er det eit særs produktivt fellesskap for ein litt spesiell sosial interaksjon mellom folk som anten kjenner kvarandre eller rett og slett ikkje kjenner kvarandre -som hukar seg opp i eit snodig felleskap med disputtar og polemikk.

    I innlegget trekker eg linjer mellom kjønnsrollemønster forøvrig inn i blåggeverda. Eg poengterer at blåggeverda for “feministiske gutar” gir eit høve til å bånde med andre gutar på ein måte som vi kanskje kan samanlikne med herrefotball? - Som er ein fristad for mange menn med eit behov for å leve ut samfunnets sosiale, mannlege kjønn fordi det er eit nytråkka spor med store høve til off-piste-skriving.

    Gutar klynger seg saman på fristaden, puben, og ser herrefotball medan dei usensurert og utan sanksjonar feministiske menn ellers ville møtt, roper ut det som måtte falle seg inn om porselensmenn utan ballar eller om menn som verkeleg har hår på brystet nok til å kvalifisere seg som idol. No finst det rett nok mange jenter som blir med på puben for å sjå fotball, men det er liksom herrefotball vi ser på, okke som. Og det er ingenting som heiter kvinnefotball på puben, det heiter kjærringfotball (ikkje mine ord). Det er dermed ikkje sagt at kjønnsrollemønsteret forøvrig har fått eit massivt fotfeste blåggarverda! Det vil vere feil å seie det at blåggerverda ikkje har eit potensiale for å bryte med kjønnsrollemønstra forøvrig. For det har det, og det er også målet mitt med å diskutere det. Men å seie at eg ikkje har litt rett i problemstillinga “male blogging = male bonding?” meiner eg er minst like feil.

    Så til kritikarkategori 2; 2. -jenter som burde blågga, men som ikkje gjer det fordi dei har ei forutinntatt haldning som hindrar dei i å “eksponere” seg sjølv”.

    Denne debatten går sjølvsagt ikkje i blåggarverda då det ville vere å kaste premissa for kritikken. Til denne kritikken vil eg berre referere til nest siste avsnitt i mitt første innlegg der konklusjonen er at i blåggarverda stenger ein ikkje noko rom. Det er eit ope rom.

    Kritikarkategori 3; menn som føler seg truffe. Well… Eg har fått påpeikt at lenkelista mi er dominert av menn, så eg har på ein måte skote meg sjølv i foten. Men eit sjølvskot er betre enn å ta på seg brynja for å oppretthalde grunnlaget for min kritikk slik som denne mannen gjer.

    Det beste innlegget i denne debatten, den beste reaksjonen og det som knuser min innrømte feil om totaldominans av menn i bloggarverda, er Androida med denne lista over jenteblåggar.

    Debatten har blitt tatt her;
    Pike mot samtiden -Male Blogging -Helt på jordet?
    Lordx -Kjendisrompe fredag: Jessica Simpson
    Egalia -Jenter i bloggverda
    Guro Grimstad -Jeg blogger som meg selv!
    Hjorten -Blogghierarkiet
    Androida -Dameblogger
    Raymond -Damer og herrer i bloggosfæren

  • 09Nov


    Den store styrkeprøven har så vidt byrja. Spørsmålet er ikkje kven av oss på den progressive venstresida som står løpet ut, men kor mange av oss som kjem i mål.

    Det var mange, saman med meg, som pusta litt letta ut etter regjeringserklæringa frå Soria Moria. Det blei ikkje så ille som mange hadde venta seg å proklamere ein felles kurs med nyliberalismens nyttige idiot: Det kongelege norske Arbeiderparti.

    Men eg visste samstundes at erklæringa frå den førre regjeringa var langt frå den faktiske politikken som blei utført gjennom fire år. For dei som trudde slaget var over og at vi no kunne kvile i påvente av nyliberale, politiske angrep om fire år; you’re fucked.

    Regjeringa går inn for å sende jagarfly til Afghanistan. Ute på stortingsplassen står halve SV-gruppa og sentrale representantar frå systemkritiske rørsler. Der står vi, vi som skapte omgrepet “ny kurs”, vi som i fjor tok sjansen på å stille til start i eit sjukampsløp som vi visste ville koste oss. Dette er ikkje det første hinderet, men løpet byrja litt tyngre enn venta. Første kamp, litt billedleg, blir spelt på Ullevåls slitne, gjørmete grasmatte. Det er tungt, det er trått, vi har oddsen i mot oss, og det er som om vi speler “play-off” mot Sverige. Eg meiner begge burde gått vidare til VM og det ville vore trist å spele play-off med søta bror.

    No er det søta mor eg må spele mot, mitt moderparti SV, som med ei halv stortingsgruppe står bak ein generalfeil av dimensjonar, jamvel ei symbolsak, men like fullt ei prinsippsak som skakar medlemskapet mitt i SV. Det hjelper heldigvis at så mange stortingsrepresentantar frå SV var til stades, May Hansen (Østfold), Inga Marte Thorkildsen (Vestfold), Olav Gunnar Ballo (Finnmark), Hallgeir Langeland (Rogaland), Heidi Sørensen (Oslo), Magnar Bergo (Buskerud) og Ågot Valle (Hordaland. Men, men -MEN; det viser samstundes den nye politiske realiteten SV er med på når parlamentarisk leiar i SV, Inge Ryan, likevel kan seie at det er ei samla regjering som står bak dette og SVs stortingsgruppe støttar det. SV har 15 representantar. 7 var ute og demonstrerte… Åsa Elvik er også mot men var ikkje til stades. Det blir 8. Det betyr at 7 av 15 sat inne og utgjorde SVs samla stortingsgruppe… Det er litt merkeleg.

    Les forvørig Sosialistisk Ungdoms ytring om temaet

  • 03Nov

    Etter å ha levd meg inn i blåggverda ei veke kan eg konstatere det eg eigentleg visste. 90% eller meir av alle blåggarar er gutar.

    Mange feminstar eg kjenner, flest jenter, har vore snare med på peike på at [blogg = sjølveksponering] og at dette er ein sjølveksponeringsarena som er midt i blinken for mitt (gutars) kjønnsrollemønster.

    Det er nok langt på veg sant. Med blågg får ein blotta sine tankar ut til omverda, utan sensur og med sin eigen redaksjonelle profil. Adressa mi kunne like gjerne vore tromp.blottspot.com. Men er det sjølveksponering som er drivkrafta for å drive ein blågg?

    Eg meiner det kan stemme mykje, men etter å ha sett litt på andre sine blåggar meiner eg at det ikkje er sjølveksponeringa som er kjernedrivkrafta for blåggers. (jamvel det kan utgjere ein potensiell himmel for dei som drivast fram av trongen til å vise seg fram). Eg trur det er tekstprodusenten som får blotta seg mest. Journalistspiren, forfattarspiren, politikarspiren osv. Det er hobbyjournalistikk/ skriving og publisering for uprofesjonelle. I tillegg er det eit særs produktivt fellesskap for ein litt spesiell sosial interaksjon mellom folk som anten kjenner kvarandre eller rett og slett ikkje kjenner kvarandre -som hukar seg opp i eit snodig felleskap med disputtar og polemikk.

    Men det er menn -male blogging -male bonding i ei herleg tresemje (treenighet) som på mange måtar speglar kjønnsrollemønsteret forøvrig.
    1. Eksponering av seg sjølv (sosial trang hos mann)
    2. Publisering av eigenhendig tekstproduksjon (sosial norm hos mann)
    3. Fellesskap utanføre atferdsbundne sosiale rammer i forhold til korrekt feministisk praksis (sosial bonding hos mann)

    Som gut og feminist forsøker eg a ta meg i akt for å eksponere meg for mykje i sosiale og politiske samanhenger der sjølveksponering vil oppta rommet og stenge det ytterlegare for auka deltaking av jenter. Men eg vil ikkje slutte å blågge som gut og feminist. For eg føler ikkje at eg stenger noko rom. Det er eit ope og uavgrensa rom kor ingen blågg står i vegen for nye blåggar. Kritikken mot blåggers frå medfeministar bør ikkje liggje på eit plan der det å vere blåggar i seg sjølv er eit avvik frå korrekt feministisk praksis. Kritikken og avviket vil berre kunne poengterast dersom ein kritiserer kva menn gjer i bloggen sin.

    Men det er gutar som dominerer den relativt nye arenaen. Og som ellers i samfunnet er vi menn litt for flinke til å henvise og referere til andre gutar, replisere og kommentere andre gutar. Det avgrensar jamvel ikkje det opne rommet, men avgrensar nytten, gleden og kjensla av bonding på tvers.

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...