Tromp

Førpremiere: Namsens Auge
Eit spel som knapt har nådd konfirmasjonsalder og som eg spår ei stolt framtid er Namsens Auge som foregår på det som må vere landets mest mystiske, vakre og flottaste arena med tusen sitteplassar klin nedtil Namsenbredda. Her kjempar ein engelsk lord for sitt overklassefiske og storbonden mot fløytarar og vaskartauser i ein klassisk konflikt mellom kapitalisten, grunneigaren og arbeidarklassen og internasjonal uro som varslar krig.

Dette skreiv eg i fjor. Eg kjem rett frå førpremieren, eller generalprøven om du vil, og er imponert over utviklinga i spelet. Skodespelarane vekslar replikkane kjappare og dei har ikkje minst fått songrøystene opp på eit nivå som står til stordomen i spelet. Jeanette Hoseth er den nye skodespelaren for Ardis, ei av hovudtausene i spelet. Ho gjorde ein framifrå figur. Kristoffer Sagmo Aalberg speler rollen Toralf i år som før, ein unggut som røyrer seg i spennet mellom lakselorden, storbonden, jernbanearbeidarane, fløytarane og ikkje minst i ein romantisk sfære med Ardis.

Nynorskforfattaren og Levangsbyggen Torvald Sund har skrive manus og Roar Tromsdal er regissør.

Spelet lever seg i endå større grad utover Seem arena, ein fantastisk utandørs arena med plass til 1000 publikumerar og ein naturscene frå berga mot elva til skogen føre kulturlandskapa. Dette bør du som er innanføre 20 mils omkrins prioritere. Du kan kome på premieren i morgon, tysdag 29. juni, eller du kan kome klokka 1900 torsdag, 1900 fredag, 1300 og 1700 laurdag. Info om spelet, bilettar og tilkomst kan du lese meir om på sida åt Namsens Auge

Bærekraftig laksepolitikk
Eg er sterkt uroa for villaksen. Få sportsfiskarar har protestert mot at det no blir avgrensa fiske i dei fleste vassdrag i fylket. Berre Namsenvassdraget kan vise til oppnådd gytebestand. Likevel aksepterer vi  stillteiande at vår favoritthobbyer avgrensa med avkorta fiskesesong og smale kvotar. Vi er med på alle tiltak fordi alle tiltak er nødvendige, også dei som råkar naturopplevaren.

Utanføre elvene i namsenvassdraget passerer 60 tonn laks om lag 60.000 tonn oppdrettslaks. Når laksesmolten vandrar  ut mot havet, må dei symje gjennom det som kan samanliknast med vassbaserte knottsvermar. Eg snakkar om dei gode vekstvilkåra for lakselus i og mellom laksemerdene som påfører massedaud for laksesmolt.

Fortetting av ein art i laksemerdene skaper og spreier sjukdommar. Lakseparasitten Gyrodactilus Salaris og laksesjukdommar som furunkulose trugar bestand etter bestand i norske lakseelver.

Dei store rømmingane av oppdrettslaks er genetiske bombar i ein skjør, men blankpussa, økologi. Ei stor rømming om hausten som leier oppe i ei elv kan ha stor verknad på mange hundre års utvikling av kvar unike laksestamme.

Lakselus, sjukdommar, virus, rømming og genproblematikk er direkte relatert til utfordringar i kjølvatnet av oppdrettsnæringa si fantastiske vekst i Noreg. Statsråd Lisbeth Berg-Hansen speler no ei dobbeltrolle som både oppdrettseigar og statsråd i regjeringa for feltet. På ein måte likar eg det ikkje, men på den andre sida ser eg at vi har nokon vi kan stille direkte politisk ansvarleg for tilstanden og tiltak som blir iverksett dei neste åra. Det er på Namdalskysten ho driv sine anlegg og dermed blir vassdraga oppetter Namdalen fiskeriministaren sin ?laksmustest?. Dei dagar Namsenvassdraget blir alvorleg truga av sjukdommar, rømming og ikkje oppnådd gytemål vil vi kunne kreve fiskeriministerens avgang. Så lenge alle nødvendige tiltak blir gjennomført vil vi på den andre sida, vonlegvis, kunne berømme statsråd Berg-Hansen når vi gjer opp statistikken om få år.

Eg skal ikkje stikke under ein stol at oppdrettsnæringa tilfører småsamfunn viktige arbeidsplassar langsmed kysten og enorme mengdar skatteinntekter til landet. Vi ser også klare fordelar og større ansvarsmedvit med det lokale eierskapet i oppdrettsnæringa i Namdalen. Her går mykje av inntektene attende til lokalsamfunnet. Andre stader i Noreg og i verda er det storkapitalen som håver inn og med langt mindre vilje til å ta ordet bærekraftig i sin strategi. Men fram til no har veksten vore ukontrollert og risikoen har ikkje framtvinga nødvendige avgrensingar og tiltak. Oppdrettsnæringa sit på mykje kunnskap og endå meir kapital. Det er gledeleg å sjå aktørar i næringa legge inn ein innsats mot rømming og lakselus. Men det er langt frå nok.

Kravet må vere null rømming og sterkare ansvarleggjering som monnar ved avvik. Eg støttar Norges Jeger- og Fiskeforbund sitt krav om at oppdrettsindustrien skal leggast under same krav til bærekraft som anna industri og at dei i det minste betaler for dei negative effektane forureininga fører med seg gjennom ei miljøavgift. Vi må kreve meir brakklegging av anlegg i vitale periodar for å stogge sjukdommar, lus og rømming. Det må sterilisere oppdrettslaks for å hindre genetisk forureining av dei skjøre laksestammane. Oppdrettsnæringa er redde for korleis den internasjonale marknaden vil reagere på sterilisert oppdrettslaks. Eg er meir redd for sterile laksevassdrag.

Eg vil gå så langt som å seie at det no kan vere nødvendig å redusere den totale volumproduksjonen av oppdrettslaks om vi skal trygge villaksen for framtida inntil vi er heilt trygge på at det er gjort nok for å hindre uboteleg skade. I det minste må vi stoppe tildelinga av nye konsesjonar for ein periode. Fram til no kan vi ikkje seie anna enn at oppdrettsæringa står direkte ansvarleg for at villaksen er truga og at næringa representerer ein gigantindustri som fram til no ikkje har vore bærekraftig. Eg skal ikkje oversjå den gode vilja som er representert spesielt frå aktørar med lokal forankring. Men eg kan heller ikkje underslå det faktiske resultatet som er ein overhengande kollaps av fiskearten som symjer liv oppetter bygdene.

Vel vitande om at skal vi dekke verdas matvarebehov, må vi også skatte av havet som av landjorda. Men det er ein uheldig skilnad mellom landbasert matproduksjon som har strenge krav til miljøomsyn og marin matproduksjon der det er sagt at miljøomsyn ikkje skal vere eit hinder. Vi treng modige næringsaktørar som tar ansvaret, men vi treng jamvel modige politikarar som kan stå med rak rygg og krevje handling.

Kva vil kidsa fortelje Kristin Halvorsen?
Eg held på å rydde arbeidspulten min for året ved Grong Barne- og Ungdomsskole. Der fann eg eit notat frå då klassen min i samfunnsfag skulle få sortere ut ti punkt som dei ville melde til kunnskapsminister Kristin Halvorsen i samanheng med ei reise ho gjennomførte i Nord-Trøndelag.

Dette er punkta eg overleverte ho frå klassen

Flere turer/ uteundervisning

Lov til godteri på tentamen

Få mat på skola slik som i Sverige

Onepiece skoleuniformer (ikke alle er enige)

Få tilbake valgfag

Mer mat&helse

Mer praktisk skole, mer praksis

flere lærere og flere unge lærere

strengere krav til lærere

Lar punkta stå for seg sjølv.

Når fanatismen styrer ei militærmakt
Det finst snart ingen grenser for Israel. Eg har store problem med å annerkjenne landets rett til å styre seg sjølv. Eg er i grunnen såpass sjokkert, vantru og sinna at eg har store problemar med å skrive vidsynt. Eg tillet meg å spisse meiningane mine omkring angrepet på sivile farkostar med naudhjelp i internasjonal farvatn som så langt har kosta 19 fredsaktivistar livet.

Når somaliske piratar angrip handelsskip i internasjonalt farvatn, set vi norske krigsskip inn i kampen mot terroren. Israel har angripe ein konvoi med naudhjelpsskip på veg til Gaza i internasjonalt farvatn og det internasjonale samfunnet bør svare med å nekte Israelske fartøy å operere i området for framtida og overvåke havområdet militært.

Når (demokratiske) land i verda bryt folkerett, menneskerett, krigsrett, territorial rett, ja alle rettar verda har blitt samde om gjennom FN, er det kotyme for å stille landet, styresmakter eller eventuelt ansvarlege leiarar, for ein rett. Men når Israel nektar å annerkjenne både internasjonale domstolar, internasjonal rett og internasjonale organisasjonar, så må Israels eigen rett kunne døme sine eigne styresmakter for valden. Har dei det som trengst?

Når USA er Israels framste våpenleverandør bør USA slutte å støtte Israel på denne måten på same måte som USA slutta å fore Osama Bin Laden med våpen når det gjekk opp for verda at han vendte seg mot amerikanarane sitt oljeengasjement i regionen, fred, demokrati og utvikling av trygge samfunn for sivilbefolkninga. Har Obama ballar?

Eg skal besinne meg. Kva bør skje? Vanleg diplomati blir for svakt for denne terrorhandlinga. No må Israel merke at verda ikkje aksepterer framferda frå dei tre landa som per i dag utgjer den største trugselen mot verdsfreden, Iran, Nord-Korea og Israel. Det er eit lite hyggeleg selskap for Israel å vere ein del av, men dei bør behandlast likt med militær overvaking, krav om nedrustning og følge opp grunnleggande rettar sivile folk skal ha etter internasjonal rett.

Det første vi må kreve er at Israel opphever blokkaden/ okkupasjonen av Gaza og at naudhjelp slepp inn i staden for å drepe dei som fraktar hjelpa. Israel må merke at verda no set makt bak krava. Då kjem vi ikkje utanom verkemiddelet internasjonal boikott, då spesielt full stans i kjøp, sal og donering av våpen.

Vi får nok ein gong gratulere Israel med medlemsskapet i OECD, godt vedtak av verdas nikkedokkar som inkluderer delar av den norske regjeringa.

<object type="application/x-shockwave-flash" data="http://www.youtube.com/v/nyOM83jHbn0" width="425" height="350"><param name="movie" value="http://www.youtube.com/v/nyOM83jHbn0" /></object>

Sesongstart i lakseelvene
Det er straks 1. juni, og spenninga stig langsmed dei mange lakseelvene. Men i år er det eit skår i gleden. 1 av fire elvar er så råka av mangeårig miljøforureining særleg frå oppdrettsnæringane, at det knapt blir lov å fiske. I Verdalselva er sesongen sterkt innsnevra og det er ei sesonggrense på to laks per person.

Lakserømming er i praksis utslepp av genetiske bombar som svekkar dei unike stammane i dei unike elvane. Lakselusa lever som knottsvermar mellom laksemerdene og kveler unglaksen på veg ut frå elvene for å ete seg feite i havet. Berre utanføre Namsenvassdraget passerer 60 tonn villaks omlag 60.000 tonn oppdrettslaks. Fortettinga av laks i merdene gir gode vekstvilkår for laksevirus og parasittar.

Næringane deltek no aktivt for å motverke miljøtrugselen både for å få meir ut av eigen produksjon og for å svare dei mange som krev at næringane tek ansvar. Eg trur ikkje det blir gjort nok. Eg trur at i botn og grunn må vi spørre om dagens produksjon er bærekraftig nok for å redde villaksen. Svaret er jo nei, og konsekvensen bør derfor bli deretter. Oppdrettslaksen må steriliserast og veksten må bremsast, kanskje må produksjonen jamvel ned, inntil det er mogleg å bevise at oppdrett er mogleg utan at villaksstammane kollapsar. Eg skal ikkje stikke under ein stol at det faktisk blir gjort mykje frå oppdrettsaktørane si side her i Nord-Trøndelag, men foreløpig er det langt frå nok etter 30 år med vill vekst i vest.

Vi som er sportsfiskarar har stillteiande akseptert at vi må ta vår del av konsekvensane. At det ikkje blir opprør når vi ikkje får dyrke hobbyen like fritt skuldast rett og slett at einkvar sportsfiskar innser at alle tiltak er nødvendig, også dei som råkar ein sjølv. God laksesesong!

Vi må reagere, ikkje akseptere
Noreg burda røysta mot at Israel skal få bli medlem av OECD. Det hadde vore nok med at berre eit land røysta mot, og det burde vore vår røyst.

Israel okkuperer Palestinske landområde og undertrykker det palestinske folket med grove metodar. Verdssamfunnet har gjennom FN vedtatt resolusjonar om at det ikkje er akseptabelt at Israel bryt folkeretten og at Israel må stogge overgrepa mot det palestinske folket. Men Israel respekterer ikkje FN-vedtak og held fram med okkupasjonen og undertrykkinga. Å ønske Israel velkomen inn i OECD blir av Israel tatt som nok ein aksept for å halde fram overgrepa.

SV og SV sine forløparar støtta gjennom 70-talet framgangen for demokrati, utvikling og velferd i Israel. Men i løpet av 80-talet snudde den demokratiske utviklinga og Israel blei ei aggressiv krigsmakt i regionen. SV har sidan då gjort mange vedtak som viser vårt klare syn på at Israel si framferd er uakseptabel. SV har tatt til orde for forbrukarboikott av Israelske varer og vi har ønska å ta alle diplomatiske verkemiddel i bruk for å presse Israel i staden for å annerkjenne valden slik verdas rikaste land har gjort.

I prosessen for å godkjenne israelsk medlemskap i OECD, sa Noreg og fleire andre land at om Israel skulle bli medlem, var det grensene fra 1967 som skulle gjelde. Dette gjekk diverre ikkje gjennom, og dermed burde Noreg røysta nei.

Våre regjeringspartnarar i AP og SP er meir Israelvenlege parti som ikkje våger å utfordre Israel hardt nok. Eg er ikkje nøgd med utanriksminister Støre og statsminister Stoltenberg si pragmatiske linje. Den pragmatiske linja er i praksis å annerkjenne Israels folkerettstridige statsvald mot eit heilt folk.

SV vil halde fram med å arbeide for at flest mogleg forstår kor grove overgrep Israel utøver ovanføre palestinarane, og vi vil presse på i alle samanhenger for at Israel skal avlyse okkupasjonen og slutte seg til dei internasjonale menneskerettane. Jo fleire som arbeider for same sak, jo større er sjansen for at vi når fram med vårt syn. Det er viktig for det palestinske folket at flest mogleg gjer sitt for å presse Israel. Den norske regjeringa har gjort litt, men ikkje gjort sitt. At Israel no er medlem av OECD er absurd. Det er Palestina som fortjener fokus og aksept for sin kamp for økonomisk vekst og utvikling, fred og demokrati.

Nasjonaldag der elvene møtast
I dag feira eg 17. mai i Grong i Namdalen for første gong. Før eg gjekk ned til “sentrum” (rundkøyringa mellom kjøpesenteret og vertshuset) for å sjå på opptoget, stakk eg innom boligane til dei mindreårige asylsøkarane i kommunen. Vi slo følge ned til sentrum i finstasen og med norske flagg. Det er deira første 17. mai-feiring i eit land med langvarig fred.

Eg snakka med to av gutane som kunne fortelje at dei hadde eitt-årsdag i Noreg. For nøyaktig eitt år sidan, på same dagen, kom dei til Oslo. Dei spekulerte veldig på kva det var for eit land og folk dei hadde kome til når alle var i finstasen og med norske flagg  Dei kunne ikkje tru anna enn at vi var splitter pine gale

I dag roper eg hurra for mangfoldet og vil skryte av Grong kommune som har eit stort flyktningemottak, satsar på busetting av flyktningar og tar inn mindreårige asylsøkarar. Grong er gedigen i areal men marginal i folketal. Eg er innbyggar nr. 2351. Ordføraren i Grong (Erik Seem, SP) sa det eigentleg så greitt når han trakk paralell til at alle verdas storbyar har blitt store fordi dei har satsa på innvandring og nyttigjering av eit multikulturelt samfunn. Kva hadde Rom vore med berre romarar? Kva hadde New York vore i dag med berre urinvånarar? Vi har Rom, New York og Grong.

Flyktningar har eit stort potensial i seg for vekst i distrikta. I Grong er ein opptatt av å skyte rovdyr. Men vi har også eit par bygdedyr vi burda fått lisensjakt på. For ikkje alle ser lenger enn ekstratilskotet kommunen får for å ta i mot flyktningar og held dei nye internasjonale folkegruppene på ei armlengdes avstand. Eg ser økonomisk vekst, næringsvekst, kulturell vekst, folkevekst, miljøvekst og menneskevekst. Vi må omfamne den politiske linja som går i å busetje mange, sysselsetje flest mogleg og ha ein distriktspolitikk som gjer at det er enkelt og bærekraftig å vere innovative saman med tilflyttarane.

Grong “sentrum”, Mediå” er eit slags elvedelta der Sanddøla møter Namsen og blir eitt. Mediå er der elvene møtast og det ligg i ordtaket at her møter også folk kvarandre. Ein ting er å busetje seg og ville meir enn nokon annan fullføre ei skole og skaffe seg ein jobb. Noko anna er å oppleve at ein er inkludert i lokalsamfunnet på alle nivå og at folk helsar på kvarandre. Det er 17. mai og endå snø i fjellet som set spor. Eg er klar for å jakte litt bygdedyr på vårsnø. Ein internasjonal gratulasjon på dagen!

Den første er den største
I dag slapp vinteren taket i både skalle og kropp  Årets første aure blei landa med flogestonga.  I alt blei det tre sjøaurer kring 5-6 hekto. Ikkje dei største, men for meg er årets første den største. Kanskje knekker eg årets første brunaure også i helga i Jørstadelva i Snåsa. Det må berre bli 10 gradar varmare - fort!

Flogene klekkast og brunauren vakar
Dei brune stripene og flekkane et seg oppetter fjella kring Grong og varslar at snøsmeltinga går inn i ein fase med jamn tilførsel av vatn i elver og tjern før tørketida kjem i juli. Det er frå no av og framover det gjeld å vere på plass når artsvariant etter artsvariant av insekt klekkar til vårsvoltne aurer.

Eg har forsøksvis kjempa mot trøndersk vær for å finne eit par eksemplar av ein truga sjøaurebestand og må konkludere med at sidan eg ikkje har fått nokon i år så må det stå dårlegare til med fiskearten enn nokon gong. Derfor er eg svolten på ferskvassauren. Eg veit han er der og lurar i dei mange, for meg, nye områda som opnar seg med flytting inn i sentrum av Indre Namdal og eit nyerverva førarkort.

Eg har tatt meg ein pils på verandaen og sortert flogene. Eg har vaska flogesnøret og smurt snellene. Eg har nappa ut snørerester frå festeholet i alle flogene og eg har til og med lagt på fortaum på tre sneller. Vadarane er vaska. Alt er tima og tilrettelagt, for i år har eg nemleg noko som eg ikkje har hatt på 13 år. Eg har blitt lærar - ergo langfri i sommar, eller avspassering som det heiter. Men i mellomtida er det travelt å vere lærar og ungdomarbeidar. Eg har rett og slett abstinensar og ser fram mot ei langhelg med himmelsprett, avspassering og 17. mai. Då må det bli ein liten tur

OnePiece- teletubbiegenerasjonen
Som eit ledd i at eg no stort sett blir oppfatta som godt vaksen av mine daglege omgjevnader, har auga etterkvart byrja å sjå på dagens ungdom med skråblikk. Å gå inspeksjon på ungdomsskolen eller å møte elevane i giv akt i  klasserommet på morgonen er ei selsom oppleving om dagen. Opptil halvparten i klasserommet kan stå der i daffedressen sin, eller på ungdomsspråket, OnePiece’n.

Eg skulle likt å få uttalt første refleksjon frå han eller ho som går forbi skolegarden i eit friminutt og aldri har sett eller høyrt om fenomenet og som ikkje veit frå før av at dette er ein ungdomsskole. Eg kan gjette:

Er det eit ungdomsfengsel med kreative fangedraktar?

Er det eit mentalsjukehus?

Er det eit straffangesenter for uroleg ungdom?

Er det eit ledd av amerikaniseringa av norsk skole med kreative skoleuniformar?

Har NTTF landsmøte i Grong? (NTTF - Norsk Teletubbieforening)

Har Harald Eia og Bård Tufte Johansen fått ein ny renessanse som ungdomsidol med heftig framsyning av youtubeklipp frå deira kyllingdraktstunt?

Prisen for drakta er 1-2000 kr +/- eit par hundrelappar. Det er altså ein relativt dyr mote som ikkje alle får ta del i grunna høgpris dividert med foreldre som stiller spørsmålsteikn med nytten av uniformen. Det er heller ikkje likesælt om du kjøper ein billegutgåve. Det blir som å kjøpe skateboard made in taiwan. Men mote er mote, anten det er mi tids krav om steinvaska levis eller dagens forventning om å stille som teletubbies. Kanskje er det noko positivt med denne moten. Vi har lenge vore visuelt forureina med heroinslanke damer frå Hennes&Mauritz og andre kroppsfikserte kledekjede. Dei meir radikale ungdommane, som eg nyleg har utgått frå i Sosialistisk Ungdom, har nemna hysteriet med framheving av uferdige formar eller kunstig marginaliserte hofte- og mageparti for Skjønnhetstyranniet. Teletubbimoten representerer kanskje eit brot med dette. Ein skal ikkje påstå at det er kroppsformar som framhevast og det er heller ikkje snørr og tårar på nettbutikkane over at det ikkje seljast dressar i storleik normal og større.

Dei er også litt søte og minner oss på at fjortisane faktisk ønskjer å klamre seg til det barnlege endå ei stund. Dei er frie og ledige og symboliserer kanskje eit opprør mot den moderne oppvoksteren der ungdommane blir møtt med eit enormt forventingspress om deltaking og prestasjonar både på skole og i fritid. Dei er gjennomorganiserte og deira inntreden i verdsveven (internettsamfunna) stiller enorme krav til sosial mestring.

Sosiologar elskar å definere kohortgenerasjonar. Hippies, desertgenerasjonen, generasjon X. Enn om denne snodige uniformeringa kunne utvikle livsideal om å knekke skjønnheitstyrrannen, gjere opprør mot vaksenverdas enorme prestasjonskrav og at ungdommane hadde krevd sin rett til å kunne vere ledige, frie og ikkje fullt så vaksne som vi til tider forventar at ein 14-åring i dag skal vere. Eg har jo sosiologi grunnfag og er dermed kvalifisert til å synse og meine om kva for nemning dagens generasjon burde få. Eg frydar meg med tanken på at dagens ungdomsgenerasjon kunne fått ettermælet som teletubbiegenerasjonen.