Asyl og innvandring

Kokkelimonke frå FrP

Frp vil sende alle asylsøkarar til afrikanske land som mottar bistand frå Noreg.
- FrP har tippa over. Dette er kokkelimonkepolitikk!

Bistandsmidlane skal brukast til bistand og for å hindre flyktningestraum. Titals millionar menneske er på flukt. Noreg er eit av verdas rikaste land og må kunne ta i mot flyktningar og behandle asylsøknader her. Dette viser også at FrP bare tenker på flyktningar som tallverdiar og har ingen visjonar for integrering.

Eg blir oppgitt og småforbanna. Dette er nok eit utspel som berre har til hensikt å auke konfliktnivået i innvandrings- og integreringsdebatten. FrP vil ikkje ha innvandring, dei vil ikkje ha integrering, og dei vil heller ikkje gjere noko med stoda i verda som fører til flyktningestraumen.

No vil FrP altså fly norske tolkar, legar, politi, UDI-tilsette og anna apparat til afrikanske land saman med asylsøkarane. Dette er kokkelimonkepolitikk.