• 18Aug

    Dette er Asle. Med Høyre og FrPs skatteletter får han 33 kr i uka. Det er mindre enn han fikk i ukelønn da han var tolv. I stedet for sånt tull vil SV prioritere billigere boliger, gratis tannhelse og mye bedre kollektivtransport. Noen taper på vår politikk, men de aller fleste vinner.

  • 01Aug

    For berre eitt år sidan var SV nokså aleine om å ha lyntog i Noreg som kampsak. No har alle parti unntatt Frp gått inn for å starte tidenes samferdselssatsing. I framtida vil vi nærmast kunne fly med tog over Dovre - Oslo - Trondheim. Og farte vidare gjennom vakre Nord-Trøndelag til Steinkjerpå under ein time. At alle no er einige om at det er ein god idé betyr ikkje at det vil skje fort nok og langt nok. Klarer bergenserane å vente til Trondheim - Oslo er ferdig, eller må det bygges samtidig?

    Tags:

  • 23Jul

    Fylkesrådet har bestemt at samferdselstilbodet til folk som bur i Ytre Namdal i Nord-Trøndelag skal gå treigare. Under dekke av eit svakt miljøargument er det signert ein kontrakt for ein hurtigbåt med fartssperre som medfører ein halv time ekstra reisetid frå øykommunen Leka til Namsos.

    Det er misforstått miljøpolitikk og dårleg distriktspolitikk. Øysamfunna og ytterkommunane i Nord-Trøndelag skal ikkje vere Nord-Trøndelags stabb for klimakutt ved å få svekka reisetilbodet såpass.

    Den nye båten vil heller ikkje kunne frakte gods og dermed mistar distriktskommunane viktige moglegheiter til å frakte varer raskt i akutte tilfelle.

    Det hadde blitt opprør om fylkesrådet forlangte ein halv time seinare trønderbane frå Trondheim til Steinkjer under dekke av eit redusert dieselforbruk på toget. Kommunane i Ytre Namdal er sterkt prega av fråflytting. Det er politikarane si oppgåve å fremme positivisme og optimisme. Den beste måten å gjere det på er å gjere reisene ut og inn raskare og betre. Det blir eit for stort paradoks for folk på Leka at det byggast firefelts motorvegar frå Trondheim til Steinkjer, medan hurtigbåten skal forbikøyrast av sjarkane uti Folla.

    Eg kommenterer dette i Namdalsavisa. og får dagen etter støtte frå Lars Peder Brekk.

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...