For berre eitt år sidan var SV nokså aleine om å ha lyntog i Noreg som kampsak. No har alle parti unntatt Frp gått inn for å starte tidenes samferdselssatsing. I framtida vil vi nærmast kunne fly med tog over Dovre – Oslo – Trondheim. Og farte vidare gjennom vakre Nord-Trøndelag til Steinkjerpå under ein time. At alle no er einige om at det er ein god idé betyr ikkje at det vil skje fort nok og langt nok. Klarer bergenserane å vente til Trondheim – Oslo er ferdig, eller må det bygges samtidig?



