• 18Aug

    Dette er Asle. Med Høyre og FrPs skatteletter får han 33 kr i uka. Det er mindre enn han fikk i ukelønn da han var tolv. I stedet for sånt tull vil SV prioritere billigere boliger, gratis tannhelse og mye bedre kollektivtransport. Noen taper på vår politikk, men de aller fleste vinner.

  • 17Aug

    Ein av mine viktigaste kampsaker i mi tid som aktiv i ungdomspartiet til SV var at vidaregåande skal vere gratis. Noko av det første SV gjorde i regjeringa var å kreve gjennomslag for dette og vi vann. Etter ei innfasing kan vi i dag gratulere vidaregåande elevar med gratis skolebøker. Det er fortsatt kostnader og manglar på noko læremateriell. SV var med på å lovfeste retten til vidaregåande opplæring mot høgre og FrP. No følger vi opp denne retten også økonomisk.

    NB. Då SV overtok for Høgre i regjering stoppa vi friskoleloven som ville ført til ei storstilt privatisering av vidaregåande skoler. Ikkje nok med at ein skal bruke mange ti-tals tusen på læremateriell i løpet av vidaregåande så vil høgresida også ha elevbetalingar for å få gå på skolen.

    Det er SVs sak, du har eit val, det handlar om ein velferdstat. Kjemp mot høgresidas avgifts og eigendelssamfunn der lommeboka bestemmer vegen, livet og moglegheitene du har.

  • 01Aug

    Høgre ønskjer karakterar frå femte klasse i barneskolen. No vil Høgre også ha medaljar i gull, sølv og bronsje, henge opp hederslister og gje diplom til den som klarer seg best. Eg synst ikkje dette er gode forslag.
    SV vil at dei som mestrar skal få fleire og nye utfordringar med auka ressursar, fleire lærarar og meir tid saman med elevane. Vi vil at mestringsopplevinga skal trigge elevar på ulikt nivå til å lære meir.

    I denne stortingsperioden har det blitt tilsett 4000 fleire lærarar, 35 % fleire søker lærarutdanning. Vi må ha mange fleire for å dekke behova i framtida for fellesskolen. Ein ny lærar er ikkje skapt på ein dag. Men mange fleire blir lærarar i løpet av neste regjeringsperiode, og auka tilskot til kommunane fører til fleire tilsettingar av lærarar. –Om SV får fortsetje i regjering.

    SV bygger fellesskolen. Vi vil tilby dagens lærarstudentar gode jobbar der elevar får mestre og ha fokus på kunnskap. Vi vil ha lærarar med meir tid til pedagogisk verksemd framføre å vere dommarar og seremonileiarar. Vi vil ha elevar som styrkar kvarandre framføre meir konkurranse og tidleg sortering av ”vinnarar og taparar”.

    Som tidlegare lærarstudent er det klart at eg vil halde god kontakt med lærarar og studentar i Nord-Trøndelag om framtidas skole om eg får representere dykk på Stortinget for SV.

  • 11Jul

    I dag har eg portrettintervju i Levangeravisa. Der går eg hardt ut mot eit regjeringsalternativ med Høgre og FrP med følgjande gloser.

    Vi har brukt 64 år på å bygge velferdsstaten. Det trengs bare 4 år på å rive ned fundamentene. Vi vil oppleve en storstilt privatisering og sentralisering av sykehustilbud og skoler. Kommuneøkonomien vil strupes og landbruket slik vi kjenner det i dag vil raseres. Rettene i arbeidslivet vil bli svekket og vi vil få et kaldere verdisamfunn hvor enhver er sin egen lykkes smed framfor satsing på fellesskap. Vi vil bli medlemmer i EU og vi vil være dårligere rustet til å takle fremtidens finanskriser. (faksimile Levangeravisa 11.07.09)

    Kva er du mest redd for vil endre seg med det regjeringsalternativet til den Raudgrøne regjeringa?

   

Recent Comments

  • Kort litt om livvshistoria til laksen: Født i elva og hv...
  • Hei og takk for det :) Det blir skjerpings når sommaren li...
  • Hei, Det er en stund siden 17 april og gjennopplivingen av ...
  • Hva med å sette seg inn i bakgrunnen for det som har skjedd...
  • Korfor meiner du Israel bør vere medlem av OECD?...