• 21Dec

    Noreg og regjeringa gir 55 milliardar i lån til IMF (det internasjonale pengefondet, med føremål om å yte bistand til fattige land). Dette er midlar som skal sprøytast inn i EU for å stabilisere økonomien. Oj.

    Dette får meg til å bli litt sarkastisk med capslock på facebook.

    Når skal IMF be om 55 mrd i lån av Noreg som skal sprøytast inn i Afrika? Det er på tide å innsjå at kapitalsimen er inne i ei djup krise der dei rikaste landa, altså post finanskriser, må yte finansiell bistand til dei nest rikaste landa. Den første konklusjonen er grei, EU er ikkje særleg å satse på. Den andre konklusjonen er mindre kjendt men desto viktigare for om korvidt ein skal velje å stemme sosialistisk elle rikkje. Kapitalismen har feila - big time.

    Ein annan interessant sak er at IMF har vorte kritisert av venstresida for å stille krav om nedskjæringar i offentleg sektor, privatisering osv til fattige land dei skulle ha støtta. IMF har blitt ei mjølkeku som skulle trygge at U-land innførte det same samfunnstystemet som har skapt skeivfordelingane i utgangspunktet - nyliberalisme, kapitalisme, marknadsstyring.

    Når Noreg skal låne 55 milliardar til IMF burde jo vi kunne stille krav til IMF og EU? Eg har nokre idear:

    • auka skattenivå for den rike delen av befolkninga for å skape fordeling
    • auka aktivitet i offentleg sektor
    • nasjonalisering private helsetilbod og skolar
    • opphør i våpenproduksjon og eksport til Israel
    • krav om minst 1% til bistand til U-land
    • krav om minst 1% til kultur i eit folkehelseperspektiv

    Såpass må vi kunne kreve av EU-landa når vi skal yte finansiell bistand til den nye nasjonsgruppa “fattige EU-land”.

    I Noreg har vi det godt med smørkrisa vår. Men EU-medlemmer, det skal vi bli Jens? Då blir det ikkje berre smørmangel.

  • 14Dec

    For litt sidan fekk vi eit brev i posten ved huset i skogen. Sonen min har fått eit statleg godkjendt namn og eit personnummer. Dette personnummeret med 11 siffer er eit lukketal av dimensjonar. MJ er født i velferdsstaten Noreg og det gir følgjande premieprognose:

    • gratis jordmødre som førebudde, hjalp gjennom og støtta oss heim frå sjukehuset
    • gratis opphald og forbruk av lystgass, senger m.m. på sjukehuset
    • barnetrygd og kontantstøtte
    • gratis oppfølging av helsesøster og lege
    • permisjon til mamma -og pappa!
    • subsidiert barnehageplass for alle med makspris
    • gratis helsetilbod i barndomstid
    • gratis tannhelse i barndomstid
    • gratis grunnskole og subsidiert SFO
    • (nesten) gratis videregående med stipend eller lærlingeløn og gratis læremateriell
    • (nesten) gratis høgare utdanning med stipend og gode studielånsordningar
    • ein sosialistisk næringspolitikk som satsar på arbeidsplassar i framtida
    • hjelp til å bli formidla ut i arbeid
    • rett på sjukepengar og uføretrygd
    • dagpengar ved arbeidsløyse
    • ei anstendig løn takka vere fagrørsla
    • trygg mat fordi vi har eit desentralisert, norsk landbruk som leverer trygg og kvalitetssikra mat
    • ein kommune å bu i med satsing på bulyst
    • offentleg støtta kulturliv
    • Eit land med fred - eit land med solidaritet - eit land kor det er demokrati

    Det verkar liksom så småleg å klage på at vi betaler skatt i dette landet når folk flest får mangegongen tilbake. Skatten er den beste forsikringsordninga som eksisterer og det er ikkje private kapitalistar som forvaltar ho - det er velferdsstaten og det er godt å tenke på at om SV og venstresida får styre, og vi ikkje slepp til Høgre og FrP, så er det fellesskapet som er mottoet - ikkje at einkvar er sin eigen lukkes smed.

    For ei fantastisk gåve det er å få tildelt eit personnummer som er norskt. Det er heldig og vi burde setje pris på det, ikkje klage over smørmangel og at rikdom skal skattast.

  • 16Aug

    Det er ei spesiell tid og med ettertenktsomme og spesielle debattar. No er den politiske floraen av debattantar og politikarar med høgreorienteringar på retrett -med munnen full av for mykje Møllers Tran.

    - Jeg angrer på ord jeg har brukt (Siv Jensen, FrP)

    - Jeg beklager mine uttalelser på det sterkeste. Dette er ikke meg (Håvard Krane, Demokratene)

    - Det burde jeg ikke ha gjort. Det er støtende (Ola Borten Moe, SP)

    - vi har alle opp gjennom tidene ordlagt oss feil, sagt ting vi burde formulert annerledes og ja, noe burde helt sikkert vært usagt, (Christian Tybring-Gjedde, FrP)

    Ein etter ein går av den kvite hesten og orsakar ordbruken som dei uhemma har fyllt eteren med, anten dei har vore populistiske, rasistiske, framandfiendtlege eller rett og slett etnosentristiske. Det står det respekt av, men tvingar fram ettertankar om den kollektive opphausinga av eit fiendebilete som har råka fredelege menneske.

    22. juli blei ei hard vekkarklokke utan slumreknapp for både den medvitne så vel som den umedvitne mobben. Anten det er politikarar som Christian Tybring-Gjedde, bloggarar og debattantar som Fjordmann som har flykta inn i si ariske verd på guterommet og PC-skjermen med større oppkobling til internett enn frisk luft, organiserte høgreekstreme miljø, eller det rett og slett er forvirra sjeler, så må vi erkjenne at ordskiftet dei siste ti åra har vore forsura og innvadert av meiningsytringar som har hatt til hensikt å utvise aggresive haldningar mot det framandkulturelle og skape frykt i samfunnet.

    Nokon har frykta, eller villa skape frykt, for den delen av verda som har vorte påført eit urettvist fiendtebilete etter 11. september som markerte innleia til nye vestlege krigar mot muslimske land. Resultatet har monna ut i stengsler, fiendskap og hat. Verden er full av historiske nullpunkt, ground zero, der ordskiftet tek ei dramatisk vending. Hiroshima, Nagasaki, World Trade Center, Utøya. Vi er der no, i vårt litle land.

    Mange har overdrive. Skal no eg utvise hat attende til sendarane av slike ytringar sidan 11. september og fram til 22. juli? Eg har sinne inni meg, men ønskjer i det minste å halde det attende. Mange blir påverka av historias dramatiske vendepunkt. Når muslimar styrta flya sine inn i World Trade Center, blei det føde til spinnande nervetråder og hjerneceller i kreative hjerner som kanskje ikkje føler at dei har fått utventilert kapasiteten sin og funne sine roller på jorda. Dei blei redde, sinte og kampklare. Men kven gav hjernene føde til å hate?

    (...) we're going to hunt them down. They think they can hide, but this patient nation will do
    whatever it takes to bring them to justice. And when we do, the world will be better for it (...)
    
    (...)You see, the people that tend to send young, innocent boys to their death in
    the name of Allah want to save their own skins by hiding in caves. (...)

    - George Bush og andre leiarar i vesten.

    Kven gav hjernene føde her heime til å spreie mishag og fiendtlege ytringar på bloggar, debattforum og i konvensjonelle media? Dei angrar. Eg vil tilgje dei, også du Tybring-Gjedde, for dei visste ikkje kva dei gjorde. Det gjorde heller ikkje Gavrilo Princip når han fyrte av skotet i Sarajevo som løyste ut 1. verdskrig eller piloten Claude Eatherly som flaug og droppa bomba i Hiroshima. Vi vaknar brått og med eitt er verda nyansert. Svart-kvitt blei til fargar. Vi får fargesynet attende, men det har kosta livet til mange som levde der og då. Vi som lever vidare skriv nokre pauli ord til minne om dei falne om at du skal ikke sove.

    Siste avsnitt er vel eit såkalla post scriptum.

    -Vi, som i venstresida eller folk flest om du vil, har også kvite hetter på, fordi vi lot høgresida flytte debatten vekk frå den solidariske banehalvdel til den nasjonalistiske utan å løpe heilt fram til alarmklokkene og tenne vardeljosa. Grensene for kor harde vi kunne framstå i media mot folk som er like mykje menneske som alle andre, blei flytta så langt at vi lot oss ikkje lenger sjokkere når nokon uttalte seg islamofobisk i media eller stortinget vedtok innstramingar i flyktninge- og asylpolitikken som flytta Noreg vekk frå verdsamfunnet og nærmare vestens mantel, nasjonalismen.

    Eg har også ei kvit hette. Eg gir ho ikkje bort, men legg ho innst i klesskapet for å minne meg på at for kvar gong det fødast eit menneske så er det “ground zero”. Det kan vere svart eller kvitt. Det kan bli antirasist eller rasist. Det kan bli helt eller skurk. Det kan bli så mangt. Vi må bygge samfunnet slik vi vil at menneska skal vere. There is such thing as society. Det finnes et samfunn. Eg vil ikkje tillate at nokon nører opp under hat mot folkegrupper igjen utan å stå opp mot samfunnsfienden.

  • 04Aug

    På sluten av 90-talet og fram til 2009 levde eg  i ein ungdomspolitisk sfære. Eg var leiar i Nord-Trøndelag Sosialistisk Ungdom, flytta til Oslo kor eg sat i sentralstyret i fleire år og endte opp med å arbeide i landsforeninga for fritidsklubbar og ungdomshus nokre år før eg flytta heim til Nord-Trøndelag igjen.

    No er eg ungdomsarbeidar. Eg er 33 år og støtt handlar mykje av livet mitt om denne underlege tida som vi mystifiserer, problematiserer, formanar, forgudar og diskuterer.

    Etter nokre spede forsøk på å framstå som yngre enn eg er, har eg no blitt gjennomskoda såpass mange gonger at eg har gitt opp ideen om å definere meg som ungdom. Dei er nådelause, desse tenåringane, når du tråkkar inn i deira rom utan integritet :) Ungdommen er ikkje berre ein generasjon. Dei er ei kraft, ei samfunnskraft som eg stundom lengtar tilbake til, men andre gonger er tilfreds med at ein ny generasjon ungdom er på plass, kanskje endå rikare i tankesetta enn vi var.

    Eg er nesten utrøysteleg lei meg for alle ungdomsaktivistane frå AUF som blei myrda på Utøya. For sekteristar, overklasse, høgreekstremistar og antidemokratar er slike ungdommar ein trugsel. For meg er desse ungdommane framtida og spiren til å kunne endre alt som ikkje er som det bør vere.

    Kva for gruppe menneske er det som står i front i revolusjonar og folkelege krefter som har krevd meir demokrati, avskaffing av diktatur og undertrykking, betre fordeling av goda og ei meir bærekraftig ressursutnytting? Jo, det finst ein og annan av oss vaksne, men få eller ingen av oss opplever å omsetje viljen til endring i folkeleg handling. I dei aller fleste historiske døma der negative eller forelda samfunnstrukturar har måtta vike for nytenking, så er det ungdommen som har stått i front. I dei aller fleste historiske døma der endring har bestått i overgrep mot menneska, innføring av diktatur, overvaking og forfølging, så er det maktsjuke menn som bruker vald for å knuge og overvinne dei unge og framtida.

    Éin gal mann? Ei marginal og sekterisk gruppe? Eit miljø utan rotfeste i røynda? Eit nettverk av samfunnsfiendar i Europa? Ein avart av oppnøringa av framandfiendtlege haldningar over tid frå parti på høgresida og kristenekstremistar? Eit resultat av manglande oppfølging i livet til ein ungdom på ville vegar? Vi kan anklage mange. Vi kan årsaksforklare så mangt. Eg vil helst drite i mannen, gruppa og eksremismen. Eg er berre utrøysteleg lei meg, litt sint, litt kamplysten og full av respekt for ungdommar i dag; -dei svarer med meir kjærleik og demokrati. Dei svarer med kamp for fellesskap. Vi trudde vi hadde skrive historia om definisjonen av flower power som eit symbolsk opprør akkompenert av The Doors i kampen for fred og harmoni.

    - No gir noregs ungdom flower power eit kapittel 2. Der hvor roser aldri dør.

  • 10May

    Så blei det nok. Eg skal boikotte eit produkt som er norskt. I eit halvt liv i, i radikale, politiske rekker, har eg ikkje heilt klart å la meg rive med av forbrukarboikott av varer. Med unnatak av israelske varer har eg ete maten min med god samvit. Eg har kan hende favorisert merkevarer alá Gilde, Prior og Tine for å støtte opp om den desentraliserte matproduksjonen i småskala. Men eg har i grunnen syntest det har vore litt slitsomt å måtte boikotte alt som representerer alt som er gale med samfunnet. Eg har reist med Ryanair sjølv om dei tyner dei tilsette. Eg har kjøpt microsoftproduktar sjølv om dei hindrar digital innovasjon. Eg drikk Coca Cola fordi det er godt utan å måtte slite meg gjennom kvalene som industrien skaper.

    Einaste løysinga om ein skal vere 100 % prinsippiel på boikott er å gro hår, laga rastatafletter og ete nedfallsfrukt medan eg høyrer The Doors. Det er for mange svin i skogen til at eg maktar å bruke energi på å plukke ut politisk korrekte varer.

    I denne tiraden av forklaringar og bortforklaringar, skal eg no forklare at det er eitt produkt eg endeleg har bestemt meg for å boikotte.

    Det er slut på oppdrettslaks. Heilt slut. Eg er sportsfiskar, (av rang), og eg er distriktspolitikar i ein kommune der to elvar møtast til Namsen. Oppdrettsindustrien får ikkje fleire sjansar av meg fordi historia til norsk oppdrettsindustri er råten og skaden er som det seiast, allereie skjedd.

    Dei siste ti åra har det rømt nærmare 5 millionar laks og det er  basert på innrapporteringar frå næringa sjølv. Det er mistankar om underrapporterting. Berre frå éi rømming frå Hitra i år reiste 175.000 laks inn i Trondheimsfjorden.

    På kysten utanføre Namsenvassdraget er det omlag 60.000 tonn oppdrettslaks. Mengda villaks som går opp forbi merdene og opp i elva er ein promille. Det seier seg sjølv at oppdrettsnæringa er ei miljøbombe, for den som definerer det som krise om villaksen døyr og forsvinn.

    “Norsk oppdrettslaks spiser mer fisk enn den samlede produksjonen av menneskemat i norsk sjømatnæring. I løpet av 2007 spiste oppdrettslaksen i Norge 2,5 millioner tonn villfanget fisk, mens den totale norske innenlands produksjonen av sjømat til mennesker var på 2,3 millioner tonn”. -Lars Haltbrekken, Norges Naturvernforbund

    Sidan 90-talet er produksjonen 10-dobla. Det har ikkje vore særleg avgrensingar i kor stor næringa har kunna vokse seg. Næringa er ei heilag ku for dei største partia på stortinget og jamvel innehar fiskeriministeren vesentleg eigarskap til oppdrettsanlegg.

    Eg synst Lisbeth Berg-Hansen har takla dette overraskande habilt, men likevel. Det forklarer kor makta ligg, hos staten og kapitalen.

    Det store volumet av oppdrettslaks har ført til eit formidabelt nivå av lus som meir eller mindre må forklarast som havsmygg og havsknott. Dei har spreidd sjukdommar oppetter elv etter elv. Oppdrettslaks forstyrrar den skjøre genetiske arven den unike laksestammen har og ved større oppgang i elver til feil tid kan oppdrettslaks vere biologiske bombar i gytetid.

    - og så er det forureininga som blir liggande under merdene og spreidd i fjordane. Så er det skepsisen til om laksen faktisk er tilrådeleg å ete med all gift og kjemiske preparatar som blir nytta under avlinga. Forskarar har påvist at det er langt meir PCB, dioksiner og andre helsefarlege middel i laksefett frå oppdrettslaks enn det er i fett frå villaks. Dessutan, så dvask smaken har vorte, er det vel eigentleg berre å konkludere med at villfisk er matfisk, oppdrettsfisk er bioavfall.

    Som ein liten kuriositet medfører dette også at det er slut på Catch&Release når det gjeld laks for min del. Laks er framleis favorittfisken på matbordet, og tidlegare innkjøp av oppdrettsfisk i butikken må dekkast inn med fangst -eg har vesentleg auka frysarkapasitet no enn før. -Og er det oppdrettlaks eg får i Namsen i år skal eg nynne litt på denne:

  • 18Apr

    Det kan vere lurt å følge med på flo og fjære når iveren tar overhand på sjøaurefiske ;)

  • 06Apr

    Akkurat no har den siste ungdommen gått ut av døra på ungdomsklubben i Grong. Då blir det stille.. Igjen får eg tid til å reflektere over kva som er gjort, sagt, høyrt og opplevd. Konklusjonen er den same som førre gong eg sat her etter stengetid, gongen før der, gongen før der og gongen før der. Eg har verdas beste jobb, og kanskje ein av dei viktigaste.

    Ingen vil klare å måle resultatet av i kveld i ein målestokk, kroner og statistikkar, men eg noterer kryss for bidrag for ei betre folkehelse. Mindre drikking, mindre mobbing, mindre innestenging, mindre uro, meir mestringsaktivitetar, meir samhold, meir felleskap, meir sunne verdiar og meir samfunn. Fritids-/Ungdomsklubbar burde vore ei lovpålagt oppgåve for kommunar. For den kommunen som ikkje har slike tilbod, tapar meir enn det kostar.  Eg ser kva vi eigentleg ikkje har råd til å la vere å tilby ungdomsmiljøet.

  • 06Apr

    Å vere musikklærar hadde vore så mykje vanskelegare hadde det ikkje vore for The Beatles. Når ein skal leike med taktar, bryte opp musikk, komponere ut frå elevars føresetnader og samstundes føle at det kling godt, lét godt, kjenst godt og opplevast godt, så er det liksom ikkje berre å hive seg på Lady Gaga eller ho Britney. Det er då vi avslører musikken som mangelful, umelodiøs og rotete.

    - det er først når vi prøver å gjenskape musikken sjølv at vi verkeleg kan oppleve genialiteten bak The Beatles. Enkelt, melodiøst, funky og vakkert <3.

  • 05Apr

    Ekstreme kristne og ekstreme islamistar. Alt handlar om denne minoriteten av klovnar. Majoriteten blir knuga.

    Majoritetens representantar - ho som stod inne i huset og vaska tøy, ungen som tok bussen, mannen som vart tatt for å vere soldat, folkemengda som stod der eit fly feilbomba eller ein missil ramla ned, dei må lide.

    Ein av våre kristne osamaer, pastor Jones “Bin Laden”, brann koranen i førre veke og sette sinna i kok i den muslimske verda. For dette må sivile bli råka. For dette må ‘våre beste kvinner og menn’ som blir sendt i krig, måtte ta i mot kulene og splintene frå annanrangs våpen i framande land.

    Pastor Jones har lagd sine opprør. Andre ekstremistar lager sine opprør. Sektene tjener på slike tumultar fordi dei får oppmerksemd, jamvel frå meg sjølv. Desse sektene ønskjer ekstremisme fordi det rekrutterer, både til si ekstreme retning og til sin motparts. Gratulerer pastor Jones, med å hylle deg sjølv og Osama Bin Laden, med å øydelegge for demokratiprosessar og ved å gjer deg sjølv til ein tosk, inn i æveleg tid.

  • 05Apr

    Datalagringsdirektivet er innført. Det er ikkje lenge sidan eg la i frå meg boka 1984, den ekle skildringa av individkontroll,  av George Orwell. Boka vart utgitt i 1949 og med 2. verdskrigen og nazismen friskt i minne. Ei heil verd var rysta over Hitler sitt jarngrep over sin eigen nasjon og andre nasjonar. Jernteppet var i ferd med å reise seg. Utsiktene for folk i den tida måtte vere at no går det anten den eine eller den andre vegen. No blir det anten meir demokrati eller det kjem nye, dystre tider med totalitære regimer, avgrensing av den individuelle fridomen.

    - Vi gjekk på sett og vis den rette vegen, her i Noreg, og verda blomstra opp etterkvart som fagrørsla, kvinnerørsla og demokratiske borgarar krevde sin rett og mennesket vart friare og friare. 2011 er året då diktatorar gjekk av moten og totalitære regime skulle falle i Nord-Afrika og Midt-Austen.

    - Dette året, då totalitære regime gjekk av moten, året 2011 var då AP og Høgre trompa gjennom eit EU-direktiv for EU-venskapet si skuld som vi kallar datalagringsdirektivet. AP gav oss i gjennom eit par tiår eit bilete på statsovervaking då dei ville kontrollere sine politiske “konkurentar” til venstre for seg inn mot murens fall. Det går an, også i etterkrigstid, at nokon vil kunne misbruke informasjon om individet for å tjene interessene til makta eller dei som ønskjer makt.

    - Eg trur ikkje AP og Høgre vil overvake meg i dag. Eg skal ikkje trekke han dit. Eg vil vere ein naiv demokrat som trur det beste og at EU-direktivet og overvakingskameratane på stortinget eigentleg berre ønskjer eit verktøy for å spore økonomisk kriminalitet og sprenge digitale pornoringar.

    - Men. 2011 var også året då Wikileaks blei eit omgrep for alle. Det er eit paradoks at eg elskar Wikileaks. Dei spreier informasjon som eigentleg skulle vere hemmeleg for oss. Samstundes er det eit varsko for at digital informasjon kan falle på andre hender enn opprinneleg meint. Eg er ikkje redd for at Erna og Jens sitt kontrollbehov skal vite mine innerste løyndommar ved å lese min e-post. Eg er redd for kva dette betyr

    - og eg er indignert over at nok ein gong er det viktigare å vedta eit EU-direktiv enn å ta omsyn til vårt eige demokrati.

« Previous Entries   

Recent Comments

  • http://www.galdu.org/web/index.php?sladja=25&vuolitsladj...
  • Gløymte at det berre er trøndarar som skjønnar ironi... ;...
  • En annen sak er at uhjelp til en hver tid har hatt den naive...
  • Det du skriver er at Norge skal stille krav til land som er ...
  • I like this post, enjoyed this one thank you for putting up....